Rockin' Around the Christmas Tree
Rockin' Around the Christmas Tree Singel av Brenda Lee frå albumet Merry Christmas from Brenda Lee | ||
B-side |
«Papa Noël» | |
---|---|---|
Utgjeve | 1958 (US), desember 1962 (UK)[1] | |
Innspelt | 19. oktober 1958 | |
Sjanger | jul, country, rockabilly | |
Lengd | 2:02 | |
Selskap | Desca 9-30776 | |
Komponist | Johnny Marks | |
Låtskrivar(ar) | Johnny Marks | |
Brenda Lee-kronologi | ||
«Rock-a-Bye Baby Blues» (1957) |
Rockin' Around the Christmas Tree | «I Want to Be Wanted (Per Tutta La Vita)» (1960)
|
«Rockin' Around the Christmas Tree» er ein julelåt skriven av Johnny Marks og spelt inn av Brenda Lee i 1958 for Desca 9-30776.
Bakgrunn
endreTrass i at stemma høyrest ganske vaksen ut, var Lee berre 13 år gammal då ho song inn songen. Med på innspelinga var Hank Garland på gitar, medan Boots Randolph spelar saksofonsoloen.
Ein instrumentalversjon av songen finst som bakgrunnsmusikk for fjernsynsprogrammet Rudolph the Red-Nosed Reindeer i 1964, som berre hadde med musikk skriven av Marks. Songen vart òg nytta i filmen Hjemme alene i 1990.
Salslister
endreDecca gav ut singelen i både 1958 og 1959, men selde ikkje særleg før Lee slo gjennom i 1960. Då jula kom det året klatra «Rockin' Around the Christmas Tree» til 14. plassen på Billboard Hot 100.[1] Han fortsette å selje godt kvar jul dei enste åra og klatra så høgt som tredjeplassen på julesonglista til Billboard i desember 1965.
Songen nådde sjetteplassen på den britiske singellista i 1963, og på grunn av digital nedlasting gjekk han inn på UK Singles Chart i 2013, då han nådde ein 63. plass. I fleire tiår var Brenda Lee den einaste kjende versjonen av songen.
Innhald
endre- Side A
- «Rockin' Around the Christmas Tree» (Johnny Marks) – 2:25
- Side B
- «Papa Noël» (Roy Botkin) – 2:02
Kim Wilde- og Mel Smith-versjonen
endreRockin' Around the Christmas Tree Singel av Mel & Kim | ||
B-side |
«Deck the Blooming Halls» | |
---|---|---|
Utgjeve | 23. november 1987 | |
Sjanger | Julemusikk | |
Lengd | 3:38 | |
Selskap | Ten | |
Komponist | Johnny Marks | |
Låtskrivar(ar) | Johnny Marks | |
Produsent | Stuart Colman | |
Mel & Kim-kronologi | ||
«Say You Really Want Me» (1987) |
Rockin' Around the Christmas Tree | «Hey Mister Heartache» (1988)
|
Ein versjon av Kim Wilde og Mel Smith (omtalt som «Mel & Kim» som ein parodi på den då populære systergruppa Mel and Kim), med Pete Thomas, nådde tredjeplassen på UK Singles Chart jula 1987. Songen vart spelt inn til inntekt for Comic Relief. I musikkvideoen kan ein sjå dei to som held ein julefest med gjester som The Mekon og komikarpartnaren til Smith, Griff Rhys Jones medan julekoret vert spelt av bandet Curiosity Killed The Cat.
Bob Rivers-parodi
endreBob Rivers spelte inn ein parodi av songen kalla «Shoppin' Around for a Christmas Tree» for albumet White Trash Christmas i 2002.
Andre versjjonar
endreArtistar som har spelt inn songen er mellom andre:
- 1968: Bill Haley & His Comets
- 1970: Lynn Anderson for albumet hennar The Christmas Album
- 1971: The Partridge Family, for albumet deira A Partridge Family Christmas Card
- 1983: Lou Ann Barton, for samlealbumet An Austin Rhythm and Blues Christmas
- 1986: Mickey Gilley, for samlealbumet The Nashville Christmas Album
- 1992: Amy Grant, for albumet hennar Home for Christmas
- 1992: Ronnie Spector og Darlene Love, for veldedighetsalbumet A Very Special Christmas 2
- 1993: Dion DiMucci, for albumet hans Rock n' Roll Christmas
- 1994: Alvin and the Chipmunks og Patty Loveless, for albumet A Very Merry Chipmunk
- 1995: Gary Hoey, for albumet hans Ho! Ho! Hoey II
- 1997: Hanson, for albumet deira Snowed In
- 1998: Cyndi Lauper, for albumet hennar Merry Christmas... Have a Nice Life
- 1998: Dion, from julealbumet Cruising Christmas
- 1999: Alabama, for albumet deira Christmas Vol. II (denne versjonen nådde 64. plassen på Hot Country Singlar & Tracks-lista i USA)[2]
- 1999: Element, for samlealbumet Happy Christmas Vol. 2.
- 2000: Green Day på nettsida greenday.com
- 2000: Jessica Simpson med Rosie O'Donnell, for O'Donnell-albumet Another Rosie Christmas
- 2000: Mek Pek, for rockabillyprosjektet Mek and the X-Mas Peks
- 2004: LeAnn Rimes, for albumet hennar What a Wonderful World (denne versjonen nådde tredjeplassen på Billboard Adult Contemporary-lista, 48. plassen på Billboard Country Singles-lista og 30. plassen på Billboard's Holiday Songs-lista)[3]
- 2006: Rhonda Vincent, for albumet hennar Beautiful Star: A Christmas Collection
- 2007: Hannah Montana for Disney Channel Holiday
- 2007: Toby Keith, for albumet hans A Classic Christmas
- 2007: 1910 Fruitgum Company, for albumet deira Bubblegum Christmas
- 2008: Davie Allan & the Arrows, for albumet deira Fuzz for the Holidays
- 2008: Joe Lynn Turner og andre for albumet We Wish You a Metal Xmas and a Headbanging New Year
- 2009: Lotta Engberg (kalla «Julen Är Här»), for albumet Jul hos mig
- 2011: Chicago, for albumet deira Chicago XXXIII: O Christmas Three
- 2011: She & Him, for albumet deira A Very She & Him Christmas
- 2011: 3 Voices & Beatur, for albumet deira It's Beginning to Look a Lot Like Christmas
- 2012: Victoria Justice, for samlealbumet Merry Nickmas
- 2012: Bella Thorne, for samlealbumet Disney Channel Holiday Playlist
- 2012: Mike Cannistraro, for samlealbumet Boston's Best Holiday Hits
- 2012: JOE-BOY
- 2013: Glee i episoden «Previously Unaired Christmas» og albumet Glee: The Music, The Christmas Album Volume 4
- 2013: Il Volo for albumet deira Buon Natale: The Christmas Album[4]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rockin' Around the Christmas Tree» frå Wikipedia på engelsk, den 10. november 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Rees, Dafydd; Crampton, Luke; Lazell, Barry (1989). Guinness Book of Rock Stars. Guinness Books. s. 293. ISBN 0-85112-872-6.
- ↑ Rockin' Around the Christmas Tree på Allmusic. Henta 14. oktober 2011.
- ↑ Rockin' Around the Christmas Tree på Allmusic. Henta 14. oktober 2011.
- ↑ http://www.amazon.com/gp/product/B00FQUAH4S/ref=dm_mu_dp_trk11
Bakgrunnsstoff
endre- Lyrics to Rockin' Around The Christmas Tree Arkivert 2012-03-16 ved Wayback Machine.
- Heile songteksten på MetroLyrics