Museum i Jiangzhou
Plasseringa av Jingzhou (gul) i Hubei

Jingzhou (荆州; pinyin: Jīngzhōu) er eit byprefektur sør i provinsen Hubei i det sentrale Kina, der det har ei lang grense mot Hunan-provinsen. Byprefekturet har eit areal på 14 168 km² og knapt 5,7 millionar ibuarar i 2010.

Byprefekturet Jingzhou omfattar to bydistrikt (区 ), tre byfylke (市 shì) og tre fylke (县 xiàn).

GeografiEndra

Jingzhou har eit vidt forgreina nett av kanalar og innsjøar, der det ligg på Jianghanslettta langs dei midtre strekningane av storelva Chang Jiang. Nedstraums Chang Jiang i aust ligg Wuhan, provinshovudstaden, i vest er byen Yichang, Trejuva, samt den kjempestore bykommunen Chongqing.

SogeEndra

Den antikke byen Jingzhou er i dag er det sentrale byområdet i Jiangling fylke, eitt av fylka i dagens byprefektur Jingzhou. Med si plassering langs Chang Jiang har staden/området vore militærstrategisk viktig sidan tidleg historisk tid.

Ying, som ligg i dagens byprefektur, var i 411 år hovudstad for kongar i staten Chu i dei historiske tidsaldrane Vår- og haustannaltida og Krigarrika-tida under Zhou-dynastiet (1046-256 før vår tid).

Under Nord- og Sør-dynasti-tida var Jingzhou hovudstad for Liang-dynastiet. Medan han under Fem dynasti og ti kongerike-tida var hovudstad for staten Nanping.

SamferdsleEndra

Kinas riksveg 207 går gjennom prefekturet, både gjennom byen Jingzhou og fylket Gong'an. Denne viktige trafikkåra tek til i Xilinhot i Indre Mongolia nær grensa mot Mongolia, leiar derifrå sørover og endar i Hai'an, ein by som ligg i Xuwen fylke sør på Leizhouhalvøya i provinsen Guangdong.

Kinas riksveg 318 passerer gjennom området. Han tek til i Shanghai og fører mellom andre innom Wuhan og Chengdu på sin veg inn i Tibet og Lhasa, vidare til grensebyen Zhangmu og grensestasjonen mellom Kina og Nepal.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra