Johan Henrik Nebelong
Johan Henrik Nebelong (20. juli 1817–1. mars 1871), fødd og død i København, var ein dansk arkitekt. I Noreg er han særleg kjent som arkitekten bak Oscarshall på Bygdøy, men har også stått for dei naturhistoriske samlingane ved Bergen Museum, hovudbygninga på Bærums Verk og den mellomalderinspirerte kommandantbustaden på Akershus festning.[1]
Johan Henrik Nebelong | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 20. juli 1817 København |
Død | |
Yrke | arkitekt |
Johan Henrik Nebelong på Commons |
Nebelong var son av ein skomakar og yngre bror av arkitekt Niels Sigfred Nebelong. Han studerte ved Det Kongelige Danske Kunstakademi i København i 1833-1839 under professor G.F. Hetsch.[1]
Nebelong kom til Noreg i 1840 for å assistere Hans Ditlev Franciscus von Linstow i arbeidet med Slottet. Han verka på same tid som lærar ved Den kongelege Teikne- og Kunstskole i Christiania fram til 1853.
Saman med mellom andre I. C. Dahl var han med på å stifte Foreningen til Norske Fortidsminnesmerkers Bevaring i 1844 og sat i styret fram til 1853.
I 1847 fekk han i oppdrag å teikne Oscarshall etter ynskje frå kong Oscar I og dronning Joséphine.[2] Han har teikna sjølve bygningen, interiør og det meste av møbla. Han stod og for parken og bygningane der.[2]
I 1853 returnerte Nebelong til Danmark. I åra 1853-1855 arbeide han ved Kunstakademiets Arkitektskole. Han var medlem av Charlottenborgs Utstillingskommisjon 1858-1866 og bygningsinspektør for Københavns 1. Distrikt 1856-1858. Han blei utnemnd til titulær professor i 1860 og medlem av Akademiet frå 1855.[1]
Nebelong fortsette og som arkitekt i Danmark og teikna ei rekke offentlege og private bygningar. I tillegg arbeide han med møblar og interiør.[3]
Verk i Noreg
endre- 1840–1848 - Interiør til Det Kongelege Slott
- 1842 - Karl Johans gate 31, seinare bygd om til Grand Hotel (1874)
- 1844 - Akersgata 65/Teatergata 1 leigegarden «Malthegården» eller «Maltheby»
- 1844 - Kommandantbustaden på Akershus festning, seinare kalla General Glads bolig
- 1844 - Gravmonument i støypejarn over forfattaren Mauritz Hansen ved Kongsberg kyrkje
- 1844 - Stakitt i støypejarn kring Wedelmonumentet på Bygdøy
- 1845–1847 leia arbeidet med utgraving og restaurering av klosterruinane på Hovedøya
- 1845–1849 - Lungegårdshospitalet for spedalske i Bergen, brent ned i 1853
- 1845–1846 - Parkveien 27 (truleg Nebelong), «Villa Mysosten»
- 1846 - To bruer til hagen ved Bygdøy Kongsgård
- 1846 - Wergelandsveien 29, villa i nygotikk som eigen bustad 1847, revet 1918 for oppføring av lærarskule (nå: Oslo lærerhøgskole)
- 1847 - Wergelandsveien 25, villa
- 1847 - Rosenkrantz' gate 7
- 1847 - Sørligata 54, «Heibergløkken» eller «Professorløkken», sumarhus for professor Christian Heiberg
- 1847–1852 Oscarshall lystslott med kavalerbygning, portnarbustad, parkanlegg og gartneri på Bygdøy
- 1848 - Hovudbygninga på Bærums Verk for hoffsjef baron Harald Wedel Jarlsberg
- 1849 - Gravmonument i stein og støypejarn for jernverkseigar Jacob Aall på Holt kyrkjegard ved Arendal
- 1849–1852 - Ombygging og restaurering av Heddal stavkyrkje i Telemark
- 1849–1852 - Hovudbygning ved Rønnerud gard - gardsanlegg på Jevnaker
- 1850-åra Villa og parkanlegget «Alunverket» på Grønlia ved Christiania, rivd i 1877
- Portnarbustad og gartnarbustad på Fløia
- 1850 - Landfalløya i Lier
- 1850 - Toldbodkaia 1, «Stenpakkhuset», lager for den gamle tollboden
- 1852 - Kroer kyrkje i Akershus, brent ned i 1924
- 1854–1860 Utkast til standardiserte kyrkjebygg i samarbeid med Christian H. Grosch og Heinrich Ernst Schirmer
- 1860-åra - Prinsensgate i 3a og 3b
- 1862–1867 - Naturhistorisk museum i Bergen
- 1867 - Deset kyrkje i Østerdalen reist etter standardteikningar av Nebelong
Verk i Danmark
endre- Dronning Caroline Amalie sitt bibliotek på Amalienborg (1853, med møbler av C.V. Nielsen)
- Konduktør for M.G. Bindesbøll ved oppføringa av Oringe Sindssygehospital (frå 1854)
- Fullføring av Oringe Sindsygehospital (1857)
- Bygning for artillerigeneralen og Tøjhusmuseets kontorer, Frederiksholms Kanal 29, København (1862)
- Klampenborg Badehotel (1866, brent ned i 1923)
- Vesterbrogade 94 , København (1868)
- Tilbygg til Oringe Sindsygehospital (1868-71, fullført av broren N.S. Nebelong)
- Gammel Kongevej 25, København (1869)
- Borgerstiftelsen i Vordingborg (1870)
- Kvalbø kyrkje, Færøyane (1859, riven)
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Johan Henrik Nebelong på Kunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon
- ↑ 2,0 2,1 Bygginga av Oscarshall frå Kongehuset.no
- ↑ Johan Henrik Nebelong (1806-71) frå Artemisia