John J. Audubon
John James Audubon, opphavleg franske namn Jean-Jacques Audubon (26. april 1785–27. januar 1851), var ein fransk-USA-amerikansk ornitolog, naturhistorikar, jeger og målar. Han er særleg kjend for å ha måla, skildra og katalogiserte Nord-Amerikas fuglar i boka Birds of America.
John J. Audubon | |||
| |||
Fødd | Jean‐Jacques Rabin 26. april 1785 Les Cayes | ||
---|---|---|---|
Død | 27. januar 1851 New York by | ||
Nasjonalitet | USA, Frankrike | ||
Område | ornitologi | ||
Yrke | botanikar, ornitolog, kunstmålar, zoolog, biolog, vitenskapelig illustratør, skribent, fotograf, teiknar, grafikar, naturvitar | ||
Ektefelle | Lucy Audubon | ||
Barn | John Woodhouse Audubon, Victor Gifford Audubon, Lucy Audubon, Rose Audubon | ||
Medlem | Royal Society American Philosophical Society American Academy of Arts and Sciences Royal Society of Edinburgh Linnean Society of London |
Liv og gjerning
endreAudubon, som var fødd i Les Cayes i den franske kolonien Saint-Domingue (i dag i Haiti), utdanna seg i sin første ungdom i Paris til målar under Jacques-Louis David. I 1803 utvandra han til USA og levde deretter som farmar i Pennsylvania og dreiv ivrig ornitologiske studiar.
1826 reiste Audubon tilbake til Europa, der han møtte dei fremste naturforskarane i samtida og byrja utgjevinga av sine framifrå kolorerte teikningar av amerikanske fuglar: Birds of America. Boka kom ut i fire band, med 435 måleri, i London i tida 1828-39. År 1829 vende Audubon tilbake til Nord-Amerika og skreiv tekst til dei førnemnde teikningane. Illustrasjonar og tekst vart utgitt som American ornithological biography, eit fembandsverk som kom ut i Philadelphia frå 1831 til -39.
Etter eit nytt besøk i Europa slo han seg ned på Manhattan ved New York og byrja på eit biletverk over pattedyra i Nord-Amerika; The quadrupeds of America. Verket kom ut i Boston mellom 1843 og -49 i form av tre band. Med teksta til Biography of American quadrupeds (Philadelphia 1846-50) fekk han hjelp av John Bachman.
Dei livaktige skildringane til Audubon var bygt på langvarige undersøkingar i naturen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «John James Audubon» frå Wikipedia på dansk, den 1. november 2012.