Jon Jæger Gåsvatn

norsk politikar

Jon Jæger Gåsvatn (fødd 19. juni 1954 i Frogn, Akershus) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han vart vald inn på Stortinget frå Østfold fylke i 2005 og vald på nytt i 2009. I perioden 1993–97 var han varerepresentant.

Jon Jæger Gåsvatn

Fødd19. juni 1954 (70 år)
Drøbak
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Gåsvatn er fødd i Frogn og flytta til Østfold i 1965. Han har budd både i Fredrikstad og Sarpsborg, men er no busett i Brevik i Sarpsborg. Han har tidlegare vore ein aktiv musikar og har mellom anna spelt trombone i danseorkesteret Rainbow, som er mest kjent for låten «Bye Bye Baby Goodbye». Gåsvatn var tidleg aktiv i fagorganisasjonar i musikkmiljøet i Østfold.

Han er utdanna bioingeniør, og har arbeidd ved sjukehuset i Østfold sidan 1976. Han gjekk i 2001 over til å bli verksemdsleiar på Tingvoll sjukeheim i Sarpsborg.

Gåsvatn har vore medlem av kommunestyret i Sarpsborg og av Østfold fylkesting. Han har hatt ei rekkje verv i Framstegspartiet.

Stortingskomitear

endre

Bakgrunnsstoff

endre