Jon Norbom

norsk politikar og økonom

Jon Ola Hauger Norbom (15. desember 192312. april 2020) var ein norsk økonom og politikar for Venstre. Han var formann i Unge Venstre frå 1950 til 1952 og finansminister i regjeringa Korvald.

Jon Norbom
Jon Ola Norbom.jpg
Fødd15. desember 1923
Bærum
Død12. april 2020
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkesamfunnsøkonom, politikar
InstitusjonarDei sameinte nasjonane
Utdanna vedEuropa-colleget

Norbom var fødd i Bærum. Etter artium i 1942 sat han fengsla i tre månader på Grini. Han begynte deretter på studiet i sosialøkonomi før han hamna 18 månader i tysk fangenskap i Buchenwald.[1] Etter sosialøkonomisk embetseksamen i 1949 fekk Norbom stilling i Industridepartementet. Frå 1950 til 1952 var han formann i Unge Venstre. Han jobba i fleire år for internasjonale organisasjonar, frå 1955 til 1959 for FN i New York, og 1959 til 1963 for GATT i Genève.

Frå 1967 til 1969 var han statssekretær under Ole Myrvoll i Finansdepartementet i regjeringa Borten. I 1972 var han igjen i Genéve, og blei henta heim for å bli finansminister i Korvald-regjeringa, frå 18. oktober 1972 til 16. oktober 1973.

Etter Korvald-regjeringa reiste Norbom tilbake til Genève og ei stilling i UNCTAD/GATT. Frå 1984 til 1993 var han departementsråd i Sosialdepartementet.

KjelderEndra

  1. Kristian Ottosen (red.): Nordmenn i fangenskap 1940–1945 (Oslo: Universitetsforlaget, 2004).