Opna hovudmenyen

Jurij Hryhorovytsj Bilonoh (fødd 9. mars 1974) er ein ukrainsk tidlegare kulestøytar frå Bilopillja i Sumy. Han vart europameister i øvinga i 2002. To år seinare vann han gullmedaljen i kulestøyt under Sommar-OL 2004 i Aten, men etter ein retest i av urinprøva frå 2004 i 2012 vart det funne spor etter det syntetiske anabole steroidet oxandrolon. Han vart dermed fråteken den olympiske meistertittelen.

Jurij Bilonoh
Verkeleg namn Ukrainsk skrift Юрій Григорович Білоног
Statsborgarskap Ukraina
Fødd 9. mars 1974
Bilopillja
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

AktivEndra

Bilonog vann kuletevlinga under universiaden 1995. Våren 1997 sikra han seg ein EM-tittel innandørs då han i Paris vann etter kula landa på 21,02 meter, landsmannen Oleksandr Bahatsj vart nummer to med 20,94 m. Same året vart Bilonoh nummer fire då VM i friidrett fan stad i Aten. Med eit lengstestøyt på 20,92 m tok han bronsemedaljen ved EM i friidrett 1998 i Budapest, bakom Bahatsj og tyske Oliver-Sven Buder. I 1999 kom Bilonoh på femteplass med 20,60 m i VM i Sevilla, og same plasseringa fekk han ved dei olympiske leikane i Sydney i 2000.

Etter ein sjetteplass i friidretts-VM 2001 i Edmonton vann Bilonoh gullmedaljen under europameisterskapen 2002 i München, vinnarstøytet målte 21,37 meter. Året etter vann han ein bronsemedalje i innandørs-VM i Birmingham. Også under VM i friidrett 2003 i Paris/Saint-Denis fekk han ein bronsemedalje, med 21,10 m kom han bakom Andrej Mikhnevitsj og USA-amerikanske Adam Nelson på resultatlista.

Ved dei olympiske leikane 2004 i Aten vart kuletevlinga avvikla på på antikk grunn i Olympia. Både Bilonoh og Adam Nelson søytte 21,16 meter, men sidan Bilonoh også to gongar nådde 21,15 m vart han kåra til olympiameister. Under VM 2005 i Helsingfors vart han nummer fire, deretter vart han sjettemann i EM 2006 i Göteborg. Den sistnemnda plasseringa fekk hanogså under Sommar-OL 2008 i Beijing.

DopingEndra

Etter at Den internasjonale olympiske komiteen (IOK) i 2012 testa dopingprøva frå OL 2004 med forbetra metodar, vart det funne spor av oxandrolom-metabolitt. IOK annullerte då alle Bilonoh sine resultat i tidsrommet 18. august 2004 til 17. august 2006, inkludert OL-sigeren.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra