Opna hovudmenyen

Kåre Kivijärvi

norsk fotograf

Kåre Kivijärvi (23. april 193820. november 1991) var ein norsk fotograf frå Hammerfest, kjend som den første fotografen på Haustutstillinga (1971). Etter å ha arbeidd for Vest-Finnmark Arbeiderblad ei tid (1956-), vart han av Halvor Brox anbefalt å studera med Otto Steinert som læremeister. Han studerte i Saarbrücken (1958-60). Frå 1962 arbeidde han i den finske avisa Helsingin Sanomat og tidsskriftet Viikkosanomat. Han er mest kjend for dokumentariske seriar frå læstadianarane i indre Billefjord (1962), frå Bakhtapur i Nepal, frå India og Afghanistan, frå inuit-liv på aust-Grønland (1966) og fiskarliv i Barentshavet. Kivijärvi var av finsk innvandrarslekt, og hadde nær tilknyting til Finland og til kvenene.

Kåre Kivijärvi
Fødd 23. april 1938
Hammerfest
Død

20. november 1991
Kypros

Yrke fotograf, journalist

Han døydde på Kypros i 1991.

BakgrunnsstoffEndra