Kai Knudsen
Kai Birger Knudsen (25. juni 1903–3. mars 1977), fødd i Vardø, var ein norsk jurist og politikar frå Arbeidarpartiet, som hadde to ulike statsrådspostar i Oscar Torp si regjering 1952-55: justisminister og forsvarsminister.
Kai Knudsen | |||
Fødd | 25. juni 1903 Vardø kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 3. mars 1977 (73 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, advokat, dommar | ||
Alle verv |
|
Han tok examen artium i 1922) og vart cand.jur. i 1926. Han var kommunerevisor i Haugesund 1926-1927. Han var dommarfullmektig i Heddal sorenskrivarembete 1928-30, arbeidde som advokatfullmektig 1930-1935 og dreiv deretter eigen praksis som overrettssakførar i Notodden 1935-1943 og i Oslo i 1943-45. Han var konstituert sorenskrivar i Tinn og Heddal sorenskrivarembete 1945-1946. Han var kontorsjef hos riksmeklingsmannen 1946-1948. Frå 1948 til 1952 var han sekretær for statsministeren. Etter statsrådperioden 1952-1955 avslutta han yrkeskarrieren som sorenskrivar ved Indre Follo sorenskrivarembete frå 1955-1973.
Regjering
endreI Oscar Torp si regjering hadde han to statsrådpostar:
- konstituert statsråd og sjef for justisdepartementet (justisminister) 20.12.1952 - 15.06.1954
- statsråd og sjef for Forsvarsdepartementet (forsvarsminister) 15.06.1954 - 22.01.1955
Verv
endre- Han var ordførar i Notodden 1945-1945 og 1945-1946
- Vararepresentant for byane i Telemark og Aust-Agder på Stortinget 1945-49.
- Formann Sjømannsnemnda 1950-1975
- Formann Arbeidsdirektoratet sitt styre 1950-1975
- Formann Rikslønnsnemnda 1955-1968