Kaikohe er ein småby og administrasjonssenteret i Far North DistrictNew Zealand, om lag 260 km frå Auckland. Det er den største innlandsbyen og den byen som ligg høgast over havet i regionen Northland.

Kaikohe
busetnad
Land  New Zealand
Region Northland
Folketal 4 490 (30. juni 2018)[1]
Kart
Kaikohe
35°24′27″S 173°47′59″E / 35.4075°S 173.79972222222°E / -35.4075; 173.79972222222
Wikimedia Commons: Kaikohe

Ved folketeljinga i 2006 var folketalet i Kaikohe 4113. Byen er eit livleg handels- og tenestesenter for eit vidstrekt landbruksdistrikt med eit oppland på omkring 28 000 menneske.

Historikk endre

 
Kohekohetre (Dysoxylum spectabile)

Staden var opphavleg ein maorilandsby kalla «Opango». Kaikohe er kjend som kultursenteret til den store Ngā Puhi-iwien. Tidleg på 1800-talet plyndra ein rivaliserande maoristamme landsbyen, og rømlingar overlevde i lundar av eit lokalt treslag, kohekohe (Dysoxylum spectabile) på Tokareireia (Kaikohe Hill). Etter denne hendinga vart landsbyen kjend som «Kaikohekohe» (kai tyder 'mat'), men dette vart seinare avkorta til «Kaikohe».

Krigarhøvdingen Hone Heke slo seg ned i Kaikohe etter at stridane var over, og døydde der i 1850. Nevøen hans, som også heitte Hone Heke (parlamentsmedlem for valkrinsen Northern Maori), budde òg i Kaikohe. I april 1911 vart eit monument av han avduka på Kaikohe Hill av fungerande statsminister, Sir Tui Carroll. Ein park i byen har fått namn etter Rawiri Taiwhanga, ein maori som svært mykje tyder på var den første kommersielle meieribrukaren på New Zealand. Han mjølka kyr og selde smør alt i 1834. Jarnvegen nådde fram til byen i 1914, og dette førte til ei sterkare utbygging av landbruket i distriktet. Under den andre verdskrigen var byen base for eit amerikansk militærsjukehus og ei avdeling bombefly. I byen ligg også ein «pionerlandsby», eit 1800-tals northlandssamfunn, attskapt med all sin fargerike atmosfære, historie og detaljar.

Geografi endre

Byen ligg i åssidene etter ein vulkan og er omgjeven av fleire tidlegare māori pa. Landskapet er for ein stor del bølgjande sletter, men i den vestlege enden av byen reiser Kaikohe Hill seg til 300 m.o.h., og herifrå er det utsyn over dei imponerande sanddynenestranda langs Hokianga Harbour og over landsbygda mot sør og aust og til Mount Hikurangi (625 m.o.h.).

Nord for det vulkanske høgdedraget Putahi ligg innsjøen Lake Omapere, fem km lang, men berre to til tre meter djup. Kring fem km mot aust ligg den vesle landsbyen Ngawha Springs - staden der varme vasskjelder strøymer ut til overflata frå vulkanfeltet Ngawha geothermal field. Det nye fengselet i Northland ligg i nærleiken.

Attraksjonar endre

Kaikohe ligg strategisk plassert i sentrum av distriktet, og er innfallsport til nokre av dei kjende naturperlene på New Zealand. Innanfor ein radius på 50 km ligg den kjende Bay of Islands og kauriskogane Waipoua, Puketi og Omahuta. Heller ikkje så langt unna ligg hamnene Whangaroa og Hokianga, sandsteingrottene Waiomio, mange vakre strender og bortgøymde bukter og den historiske byen Kerikeri.

Bakgrunnsstoff endre

35°24′27″S 173°47′59″E / 35.4075°S 173.7997°E / -35.4075; 173.7997

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE7981.
  2. 2,0 2,1 2,2 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE8318.