Maungaturoto er ein liten by i regionen NorthlandNew Zealand. Sjølv om folketalet i byen ved folketeljinga i 2006 berre var 837, er han den nest største busetnaden i Kaiparadistriktet.

Maungaturoto is located in New Zealand
Maungaturoto i Northland

Busetnaden ligg nær elva Otamatea River som munnar ut i Kaipara Harbour 25 km nord for Wellsford og 45 km sør for Whangarei.

Historikk

endre

Staden vart danna i første halvdel av 1860-årathe Albertland Company skipa inn 3 000 nybyggjarar til Port Albert, på den sørlege breidda til elva Ōruawharo River. Dei fleste av desse starta med jordbruk. Tidlegare, alt kring 1840, kom dei første europearane til distriktet for å hogga tømmer i dei store kauriskogane som fanst her. No er produksjon av mjølk og mjølkeprodukt den viktigaste næringsvegen til byen.

Ein stad om lag fem km sørvest for Maungaturoto er antipodepunktet til Gibraltar.

Bakgrunnsstoff

endre

36°06′S 174°22′E / 36.100°S 174.367°E / -36.100; 174.367

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.