Kaj Birksted (2. mars 191521. januar 1996) var ein dansk offiser som var jagarpilot i det norske luftforsvaret i England under andre verdskrigen. Han er den einaste utlendingen som har motteke den norske Krigskrossen to gonger.[1]

Kaj Birksted

Fødd2. mars 1915
FødestadKøbenhavn
Død21. januar 1996
DødsstadLondon
Rangwing commander
EiningLuftforsvaret, Royal Air Force
Birksted mottok Krigskrossen med sverd, den høgaste utmerkinga i Noreg
Foto: KEN

Oppvekst i USA endre

Birksted var fødd i Danmark, men budde dei første tolv åra av livet i USA, fram til familien flytta tilbake til heimlandet. Han tok handelsutdanning før han i 1936 vart teken opp ved flygeskolen til den danske marinen. To år seinare vart han utnemnd til flyløytnant i reserven.

Andre verdskrig endre

Kort etter den tyske invasjonen av Danmark i 1940 flykta Birksted saman med ein kollega, Charles M. Sundby, til Noreg der han slutta seg til dei norske styrkane. Han følgde med under evakueringa til Storbritannia, og vart teken opp som elev, seinare instruktør, ved den norske flyskolen Little Norway i Canada. I 1941 vart han overført til England, der han vart jagarflygar fyrst ved 43 Squadron, deretter ved den norske 331 (N) Squadron. Her vart han flygaress, med 10 stadfesta og 10 ubekrefta nedskytingar av fiendtlege fly.

Etter ei kort tid som instruktør ved Fightar Leaders School i 1943, vende han attende til 331 som Wing Commander og norsk oberstløytnant. I 1944 var han vekselvis i aktiv teneste og i stabsjobb, mellom anna ved RAF sitt 11. Group’s Combined Control Center.

Prisar og utmerkingar endre

Birksted mottok fleire ordenar, dekorasjonar og medaljar for virket sitt under andre verdskrigen. Han er den einaste utanlandske borgaren som har motteke det norske Krigskrossen to gonger. Han vart tildelt den norske Krigsmedaljen «for å ha ydet Norges Forsvar store tjenester ved aktiv deltagelse i luftoperasjoner mot fienden gjennom lengre tid».[2] Vidare mottok han Haakon VIIs 70-årsmedalje[3] og Deltakarmedaljen med rosett.[4] I 1946 vart Birksted utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden.[5]

Birksted vart riddar av Dannebrogordenen i 1949 og mottok Dannebrogordenens hederstegn i 1951.[6] Han vart òg tildelt Kong Christian Xs erindringsmedalje for deltaking i krigen 1940–45.[3]

Frå Storbritannia mottok han utmerkingane Distinguished Service Order og Distinguished Flying Cross og vart utnemnd til offiser av Order of the British Empire.

Etter krigen endre

Etter frigjeringa i 1945 vart Birksted oberstløytnant i det danske forsvaret og leiar for Kontoret for luftmilitære sakar, seinare formann for Det luftmilitære utval og luftmilitær rådgjevar for forsvarsministeren. I 1950 vart han utnemnd til oberst og sjef for flyverstaben, frå 1960 knytt til NATO.

Ettermæle endre

I 2009 vart det sett opp ei byste av Birksted ved Flyvevåbenmuseet ved Danmarks Flymuseum. Ho var utført av den færøyske bilethoggaren Hans Pauli Olsen.[7] Året etter, 5. mai 2010, vart ei byste utført av bilethoggaren Gudrun Steen-Andersen montert på ein sokkel av norsk granitt i Churchillparken ved Frihedsmuseet i København.[8]

Litteratur endre

  • Cato Guhnfeldt.Spitfire Saga. Pionértid – Bind I, 2009, Wings. ISBN 9788299807104
  • Cato Guhnfeldt, Spitfire Saga. Sommeren 1942/Dieppe – Bind II, 2009, Wings. ISBN 9788299807111
  • Cato Guhnfeldt, Spitfire Saga. Full innsats – Bind III, 2010, Wingsi. ISBN 9788299807128
  • Cato Guhnfeldt, Spitfire Saga. Mot overtak i lufta – Bind IV, 2013, Wings. ISBN 9788299807135
  • Cato Guhnfeldt, Spitfire Saga. 132 Invasjonen; Bind V, 2014, Wings. ISBN 9788299807142I

Kjelder endre

  • Via dansk Wikipedia, kronikk av Peder Hove, tidligere jagerpilot og forfatter, i Jyllands-Posten d. 2. mai 2005: Flyverhelten, der kom hjem i kulden.
Referansar
  1. Gjems-Onstad, Erik Krigskorset og St. Olavsmedaljen med ekegren (1995) Grøndahl Dreyer.
  2. Gjems-Onstad, Erik: Krigskorset og St. Olavsmedaljen med ekegren, Oslo: Grøndahl Dreyer, 1995, s. 121. Fulltekstutgave ved Nasjonalbiblioteket (tilgjengeleg for norske IP-adresser).
  3. 3,0 3,1 Kraks Blå Bog 1957, digitalisert utgave ved LFL's Bladfond, 2008.
  4. «Orders & Medals for Birksted, Kaj» Arkivert 2013-11-09 ved Wayback Machine., Danish WW2 Pilot.
  5. Norges statskalender 1947, Oslo: Aschehoug, 1947, sp. 1021.
  6. «Kaj Birksted», Dansk Biografisk Leksikon.
  7. Buste af Kaj Birksted, Danmarks Flymuseum.
  8. «Kaj Birksted (1915-1996)» Arkivert 2013-12-02 ved Wayback Machine., Monumentbasen, Københavns Kommune og Kristeligt Dagblad Arkivert 2011-07-19 ved Wayback Machine., 6. mai 2010.

Bakgrunnsstoff endre