Opna hovudmenyen
Kaliumnitrat

Kaliumnitrat eller salpeter er ei kjemisk sambinding med kjemisk formel KNO3. Kaliumnitrat er eit oksiderande salt av salpetersyre. I fast form er det eit kvitt, krystallinsk stoff.

BrukEndra

Kaliumnitrat er ein viktig del av kunstgjødsel.

Saltet vert nytta i nokre typar sprengstoff, mellom anna svartkrutt.

Kaliumnitrat har E-nummer 252 og vert nytta til konservering av mat.

Biologisk rolleEndra

Nitrationet, med formelen  , blir nytta av planter i oppbygginga av klorofyll og aminosyrar. Ionet blir òg nytta av bakteriar i jorda som nyttar den kjemiske energien som blir løyst ut når nitrat blir omdanna til nitritt. Nitritt blir av andre bakteriar omdanna til nitrogen i gassform.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Kaliumnitrat
  Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.