Kamtannhai
haiart
Kamtannhai (Hexanchus griseus) er den største haien i ordenen Hexanchiformes. Han kan vekse til over 4,8 m i lengd.
Kamtannhai | |
Kamtannhai | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Nær truga Utbreiinga av kamtannhai | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Bruskfiskar Chondrichthyes |
Orden: | Hexanchiformes |
Familie: | Hexanchidae |
Slekt: | Hexanchus |
Art: | Kamtannhai H. griseus |
Vitskapleg namn | |
Hexanchus griseus |
Kamtannhaien er ovovivipar, han er arten som får største ungekull i denne ordenen, frå 22 til 108 ungar i kullet, på ca. 70 centimeter. Han lever på djupt vatn, under 90 m, og er funnen ned til 1 875 meter under havyta. Som andre artar som lever djupt er kamtannhaien kjent for å gjere vertikale vandringar gjennom natta for så å returnere til si naturlege djupn før daggry.
Arten lever i alle tropiske og tempererte marine område og kan vandre så langt nord som til dømes norskekysten.