Kappbatis

art av sporvefuglar
Kappbatis
Hannfugl Foto: Derek Keats
Hannfugl
Foto: Derek Keats
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Pløsauge Platysteiridae
Slekt: Batis
Art: Kappbatis B. capensis
Vitskapleg namn
Batis capensis

Kappbatis (Batis capensis) er ein liten, tettbygd, insektetande sporvefugl i pløsaugefamilien. Han er endemisk for afromontane skogar i Sør-Afrika og Zimbabwe.

Skildring endre

Kappbatisane er ein av dei største artane i slekta Batis, ca. 12-13 centimeter i kroppslengd og masse på 10 til 15 gram.[1] Fjørdrakta har eit slåande mønster, kjønna er ulike og det finst òg noko variasjon med underartar. Vaksne hannar har ei grå krone, svart augemaske og kvit hals. Oversida er brun, med svart gump og hale og raudbrune venger. Undersida til og med undergumpen er kvit med eit breitt svart brystband og raudbrune flankar. Hofuglar og ungfuglar er ulike ved at brystbandet er smalare og raudbrunt, ikkje svart, og dei har ein raudbrun lapp på det elles kvite strupeområdet. Beina og nebbet er svart. Dei skil seg frå andre batisartar i regionen med raudbrune farger på venger og kroppssider.

Begge kjønna vernar territoriet sitt aggressivt. Når større rovfuglar, dyr eller menneske nærmar seg, kjem fuglen ofte til å sette seg i nærleiken av inntrengjaren og protesterer sint og høyrleg. Kappbatisane jaktar med å fange insekt i lufta, plukke dei frå bladverk, eller ved å ta bytet frå bakken som ein varslar. Dei kan ta del i fleirartsflokkar. Songen er vanlegvis ein monoton trippel fløytetone 'cherra-warra-warra' eller 'foo-foo-foo'. Reiret er lite, fint koppforma, og ligg lågt i eit tre eller ein busk. Dei har kull på 1-3 egg og hekkar om sommaren.[1]

Kappbatis har leveområde i kystskogar, fuktige eviggrøne fjellskogar og skogkledde kløftar i Sør-Afrika, Lesotho, Swaziland og Det austafrikanske høglandet i Zimbabwe.

Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[2]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 Louette, M. & Kirwan, G.M. (2018). Cape Batis (Batis capensis) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 4. februar 2018
  2. BirdLife International (2018) Species factsheet: Batis capensis. Henta frå http://www.birdlife.org den 4. februar 2018

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kappbatis