Kari Skjønsberg (19. januar 19266. januar 2003) var ein norsk litteraturvitar, kvinnesaksforkjempar og politikar (Ap). Ho var lektor og sidan førsteamanuensis i barnelitteratur ved Statens bibliotekhøgskole 1968–1994 og verksam som skjønnlitterær omsetjar og forfattar av fleire bøker om barnelitteratur. Ho var leiar i Norsk Kvinnesaksforening (NKF) 1972–1978 og redaktør i tidsskriftet Kvinnesaksnytt 1970–1974, medlem av det statlege Likestillingsrådet 1978–1983 og medlem av Oslo bystyre 1980–1983. Som NKF-leiar arbeida ho for lovmessig forankring av likestillingsarbeidet gjennom likestillingslova og for etableringa av Likestillingsombudet, som begge blei ein realitet i 1978, og heldt fast på den tradisjonelle rolla til NKF som påverkar overfor myndigheitene gjennom systematisk myndigheitskontakt for å oppnå større likestilling.[1]

Kari Skjønsberg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. januar 1926
Oslo
Død

6. januar 2003 (76 år)
Oslo

Yrke omsetjar
Politisk parti Arbeidarpartiet
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening

Bakgrunn

endre

Skjønsberg vaks opp i Oslo og var dotter av administrerande direktør i Gjensidige Gunnar Skjønsberg og Ingeborg Engvoldsen. Ho var yngre halvsyster av heimefrontsleiar, advokat og skipsfartsminister Tor Skjønsberg.[2]

Karriere

endre

Skjønsberg blei magister i 1953 på ei avhandling om Utviklingen av norske barnefortellinger frem til Dikken Zwilgmeyer. På 1950- og 60-talet var ho forskingsstipendiat, og litteraturkritikar i Arbeiderbladet og Verdens Gang. Ho var lektor ved den dåverande Statens bibliotekskole frå 1968 og blei førsteamanuensis like etter at skulen blei høgskole under namnet Statens bibliotekhøgskole i 1981. Ho arbeida med Barnetimen i NRK radio på 1940-talet, ho var medlem av Norske barne- og ungdomsbokforfattere og mottok i 1987 Bastianprisen for barne- og ungdomslitteratur for omsetjinga av Katten som sa nei av Lloyd Alexander. Ho hadde verv også i Norsk kulturråd og for Norsk barnebokinstitutt.

Ei av hennar sentrale saker var samfunnsskildringa og kjønnsrollemønsteret som la til grunn i barnebøkene. Lisensiatavhandlinga til Skjønsberg frå 1972 heitte Kjønnsroller, miljø og sosial lagdeling i barnelitteraturen. Ho redigerte eit feministisk utval av norske folkeeventyr i 1983: Eventyrjenter med bein i nesa : 16 eventyr fra Asbjørnsen og Moes samlinger. Ho skreiv elles om populærlitteratur, adaptasjonar og andre emne.

Politikk

endre

Skjønsberg var aktivt engasjert i kvinnesaksrørsla og Arbeidarpartiet. Ho var styremedlem i Oslo Kvinnesaksforening frå 1967, sentralstyremedlem i Norsk Kvinnesaksforening frå 1970, redaktør for Kvinnesaksnytt 1970–1974 og leiar for Norsk Kvinnesaksforening 1972–1978 (tittelen blei endra frå formann til leiar i 1974). Som leiar for NKF i 1970-åra heldt ho fast på likestillingspolitikken til NKF og tradisjonelle roller som påverker overfor myndigheitene gjennom systematisk myndigheitskontakt, og arbeida særlig for lovmessig forankring av likestillingsarbeidet gjennom likestillingslova og for etableringa av Likestillingsombudet, som begge blei ein realitet i 1978. Hun uttala i 1973 at «jeg synes det er svært viktig at Norsk Kvinnesaksforening består som den institusjon den er» som «nyter offentlig prestisje og arbeider gjennom offisielle kanaler» for å kunne «øve press på myndighetene for å oppnå større likestilling». Ho meinte difor det ikkje var NKFs oppgåve å engasjere seg i grasrotaktivisme, slik den nye kvinnerørsla gjorde.[1] Då ho gjekk av som NKF-leiar i 1978 blei ho utnemnd til medlem av det statlege Likestillingsrådet, der ho sat til 1983.[3][4]

Skjønsberg var frå 1970-åra aktiv i Oslopolitikken for Arbeidarpartiet. Ho var nestleiar i bydelsutvalet i Røa, medlem av fellesrådet til bydelsutvala, medlem i felleskomiteen for bydelsgrupper, medlem av programkomitéen til Oslo Arbeidarparti og medlem av Oslo bystyre 1980–1983.[5]

Ettermæle

endre

Festskriftet Barnelitteratur og kvinnesak – eller omvendt: Kari Skjønsberg 1926–1996 blei utgjeve av Høgskolen i Oslo i 1996. Kari Skjønsbergs pris blei oppretta av Høgskolen i 1996, med fyrste utdeling i 1997. Kari Skjønsbergs Minnefond ber også namnet hennar.[6]

Bibliografi

endre
  • Historie og samfunn : åtte artikler 1956-1991. Oslo, 1995. ISBN 82-579-0049-4
  • Kjønnsroller og leserroller : åtte artikler 1962-1992 . Oslo, 1995. ISBN 82-579-0048-6
  • 7 papers on children's literature 1985-1994 : in English, Deutsch, Français . Oslo, 1995. ISBN 82-579-0050-8
  • Ti artikler om barne- og ungdomslitteratur 1973-1993. Oslo, 1993.
  • «Norsk barnelitteratur på 1800-tallet» I: (Finlands barnboksinstitut. Skrifter ; 3). ISBN 951-99468-8-8
  • Hvor var kvinnene? : elleve kvinner om årene 1945-1960. Gyldendal, 1979
  • Hvem forteller? : om adaptasjoner i barnelitteratur. Tiden, 1979. ISBN 82-10-01836-1
  • Fernanda Nissen. Tiden, 1978 ISBN 82-10-01595-8
  • Kjønnsrollemønster i skandinaviske barne- og ungdomsbøker. København : Gyldendal, 1977. ISBN 87-01-51371-0
  • Camilla Collett . Tiden, 1976 ISBN 82-10-01175-8
  • Gavnlige og morende Fortællinger for Børn : Et utvalg av eldre norsk barnelitteratur. Samlet og presentert av Kari Skjønsberg. Aschehoug, 1974. ISBN 82-03-05296-7
  • Mannssamfunnet midt imot. Norsk kvinnesaksdebatt gjennom tre «mannsaldre». En antologi ved Kari Skjønsberg. Gyldendal, 1974 ISBN 82-05-06262-5
  • Kjønnsroller, miljø og sosial lagdeling i barnelitteraturen. Universitetsforlaget, 1972 ISBN 82-00-08839-1

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Lønnå (1996) s. 249
  2. Studentene fra 1943. Bokkomiteen for studentene fra 1943. 1968. 
  3. Lønnå, Elisabeth (1996). Stolthet og kvinnekamp. Gyldendal Norsk Forlag. ISBN 8205244952. 
  4. «Minneord om Kari Skjønsberg» (PDF). Kvinnesaksnytt 53 (1): 2. 2003. 
  5. «Nytt navn i Oslo-politikken». Aftenposten. 11. januar 1980. 
  6. Kari Skjønsbergs Minnefond

Bakgrunnsstoff

endre