Katalin Éva Novák[1] (fødd 6. september 1977) er ein ungarsk politikar for partiet Fidesz. Novák var den fyrste kvinnelege presidenten i Ungarn, ho styrte i perioden frå 10. mai 2022 til 26. februar 2024.

Katalin Novák

Fødd6. september 1977 (47 år)
Szeged
Statsborgar avUngarn
PartiFidesz
Yrkepolitikar, jurist, samfunnsøkonom
Utdanna vedUniversity of Szeged
Université Paris-Nanterre
Corvinus-universitetet i Budapest
SZTE Gyakorló Gimnázium és Általános Iskola
Alle verv
  • medlem av Ungarns nasjonalforsamling (2018–2022)
  • Minister without Portfolio for Family Affairs (2020–2021)
  • statssekretær (Ministry of Human Capacities, 2014–2018)
  • statssekretær (Ministry of Human Capacities, 2018–2020)
  • Ungarns president (2022–2024) Sjå dette på Wikidata

Utdanning

endre

Novák er fødd i Szeged. Etter å ha fullført vidaregåande utdanning ved SZTE Ságvári Endre Gyakorló Gimnáziumban i fødebyen i 1996, studerte ho økonomi ved Corvinus-universitetet i Budapest og juss ved Universitetet i Szeged. Ho har også studert i utlandet ved Université Paris X: Nanterre. I tillegg til ungarsk talar Novák fransk, engelsk og tysk.[2]

Politisk karriere

endre

Novák byrja å arbeide i utanriksdepartementet i 2001, der ho spesialiserte seg i EU- og europeiske saker. I 2010 blei ho ministerrådgjevar i same departement og i 2012 kabinettsjef i Departementet for offentlege tenester.[2]

I 2014 blei Novák 2014 statssekretær for familie- og ungdomssaker i Departementet for menneskelege ressursar og var familieminister oktober 2020–desember 2021.

Novák var visepresidenten til Fidesz i 2017–2021.[3]

Statsminister Viktor Orbán kunngjorde 21. desember 2021 at Novák ville bli hans kandidat under presidentvalet i 2022.[4] Ho vann valet 10. mars 2022 gjennom å få 137 av 188 røyster i parlamentet.[5] Ho gjekk av som president etter ei kontroversiell benåding av ein mann dømd for å ha dekka over ei sak om seksuelle overgrep mot barn.[6][7][8]

Privatliv

endre

Katalin Novák er gift og har tre barn. Ektemannen er økonomen István Veres, som har ei direktørstilling i den ungarske sentralbanken.[9]

Internasjonale utmerkingar

endre

I 2019 blei Novák dame av den franske Æreslegionen[10] og i 2020 kommandør av Republikken Polens fortenestorden.[11]

Kjelder

endre
  1. «EMMIvezetők elérhetősége» (PDF) (på ungarsk). Magyarország Kormánya. s. 8. Arkivert frå originalen (PDF) 26. mai 2021. 
  2. 2,0 2,1 «Biografi» (PDF). Országgyűlés. Arkivert frå originalen (PDF) 30. september 2021. 
  3. Csuhaj, Ildikó (5. oktober 2021). «Novák Katalin bejelentette: Nem indul a Fidesz alelnöki posztjáért» (på ungarsk). ATV. Arkivert frå originalen 14. mai 2022. 
  4. Tóth-Szenesi, Attila (21. desember 2021). «Novák Katalin lesz a Fidesz államfőjelöltje». telex.no (på ungarsk). Arkivert frå originalen 22. desember 2021. 
  5. «'Nejdůležitější jsou pro mě rodiny a děti.' Maďarsko má novou prezidentku Katalin Novákovou» (på tsjekkisk). iROZHLAS. 10. mars 2022. Arkivert frå originalen 21. april 2022. 
  6. Nick Thorpe. «Hungarian President Katalin Novak resigns over child-abuse pardon scandal» (på engelsk). BBC. Henta 6. mars 2024. 
  7. Preben Brækstad. «Ungarns president går av» (på norsk bokmål). Verdens gang. Henta 6. mars 2024. 
  8. «Elfogadta a parlament Novák Katalin köztársasági elnök lemondását» (på ungarsk). Infostart. Henta 6. mars 2024. 
  9. «The President's husband – Hungary gets its first ever first gentleman» (på engelsk). telex.hu. 12. mai 2022. Arkivert frå originalen 12. mai 2022. 
  10. «Une proche d'Orban reçoit la Légion d'honneur». Le Monde (på fransk). 31. januar 2019. Arkivert frå originalen 7. februar 2019. 
  11. «Nadanie orderów». Prawo.pl (på polsk). Arkivert frå originalen 15. januar 2020.