Keep A-Knockin'

(Omdirigert frå Keep A Knockin')
Keep A-Knockin'
Singel av Little Richard
B-side

«Can't Believe You Wanna Leave»

Utgjeve August 1957
Innspelt 1957
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:22
Selskap Specialty (nr. 611)
Låtskrivar(ar) Sjå tekst
Little Richard-kronologi 
«Jenny, Jenny»

(1957)

Keep A-Knockin' «Maybe I'm Right»

(1957)


«Keep A-Knockin' (but You Can't Come In)» er ein populær song som er blitt spelt inn av fleire musikarar gjennom åra. Teksten omhandlar ein kjæraste som står i døra, men som ikkje slepp inn - i somme versjonar fordi nokon andre er der, men i fleste andre versjonar fordi kjærasten har oppført seg dårleg.

Tidlege versjonar er stundom tilskriven Perry Bradford og J. Mayo Williams. Variantar vart spelte inn av James «Boodle It» Wiggins i 1928, Lil Johnson i 1935, Milton Brown i 1936 og Louis Jordan i 1939. Eit liknande tekstmessig tema finst i «Open the Door, Richard» frå 1946, men då frå synspunktet til personen som bankar på.

I 1957, då Little Richard spelte inn songen som ein kjapp rock and roll-song[1] nådde «Keep A-Knockin'» andreplassen på den amerikanske R&B-lista og åttandeplassen på poplista.[2] Versjonen hans er ofte tilskriven Penniman (det verkelege namnet til Richard), Williams og Mays. Little Richard spelte songen i ein episode på Full House. Han spelte inn ein versjon av songen med anna tekst som ein introduksjon for NBC-showet Friday Night Videos. Songen vart òg nytta i traileren til Hjemme alene. Songen vart nytta i filmen Christine då Dennis prøver å kome seg inn i bilen, men vert skremd bort då songen byrjar å spele frå bilradioen.

Mottaking og ettermæle endre

Rolling Stone rangerte seinare «Keep A-Knockin'» på 442. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene i 2003.[3] På den oppdaterte lista frå 2010 var songen ute av lista. Ein svarsong kalla «I Hear You Knocking», skriven av Dave Bartholomew og Pearl King, vart spelt inn i Smiley Lewis i 1955. Trommepartiet i Little Richard-songen, spelt av Charles Connor, inspirerte òg andre songar. Eddie Cochran sin «Somethin' Else» har ein identisk trommerytme, spelt av Earl Palmer.[4] Trommeintroduksjonen på Little Richard vart nytta av John Bonham på introduksjonen av Led Zeppelin-songen «Rock and Roll».

Andre innspelingar endre

Andre artistar som har spelt inn songen er Johnny Rivers (1965), Alvin Lee (1974), Doug Sahm (1983), Wet Willie (1972), Alan Price (1980), Shakin' Stevens (1983) og Cliff Richards (2016).[5]

Kjelder endre

  1. Little Richard intervjua på Pop Chronicles (1969)
  2. Whitburn, Joel (1988). Top R&B Singles 1942–1988. Record Research, Inc. s. 260. ISBN 0-89820-068-7. 
  3. «The 500 Greatest Songs of All Time». Rolling Stone (963). December 9, 2004. Arkivert frå originalen 26. august 2011. Henta August 4, 2014. 
  4. Cochran, Bobby (2003). Three Steps to Heaven: The Eddie Cochran Story (1st utg.). Milwaukee: Hal Leonard. s. 145. ISBN 0-634-03252-6. 
  5. «Keep A Knockin' Cover Versions».