Opna hovudmenyen

Ken Caillat

amerikansk musikkprodusent

Kenneth Douglas «Ken» Caillat (fødd 12. august 1952) er ein amerikansk plateprodusent. Han er mest kjend for å vere lydteknikar på Fleetwood Mac-albuma Rumours, Tusk, Mirage, Live og The Chain Box Set.

Ken Caillat
Ken caillat 2012.jpg
Fødd12. august 1952 (67 år)
FødestadUSA
FødenamnKenneth Douglas Caillat
OpphavUSA
Aktiv1971 til i dag
SjangerRock, pop, R&B, country, soul, jazz
Tilknytte artistarFleetwood Mac, Billy Idol, Frank Sinatra, Pat Benatar, Wilson Phillips, The Beach Boys, Herbie Hancock, David Becker, Alice Cooper, Christine McVie, Colbie Caillat
Verka somPlateprodusent
BornColbie Caillat

KarriereEndra

Caillat var direktør i 5.1 Entertainment Group Digital Production Services, som har arbeidd på album av Billy Idol, Frank Sinatra, Pat Benatar, Wilson Phillips, the Beach Boys, Herbie Hancock, David Becker og Alice Cooper i tillegg til Christine McVie på soloalbumet hennar In the Meantime. Han har òg remastra Fleetwood Mac i 5.1 DVD-lydformat. Han vann ein Grammy-pris for arbeidet med Rumours.[1]

I tillegg til produksjon har han vore direktør, lydteknikar forfattar og musikar. I 2012 gav han ut ein biografi om innspelinga av Rumours i 1977, kalla Making Rumours.[2] I 2013 vart Caillat direktør i Sleeping Giant Music Group, LLC, eit plateselskap i Los Angeles.[3]

Han er far til songar-låtskrivaren Colbie Caillat og produserte albuma hennar Coco (2007), Breakthrough (2009), All of You (2011) og Christmas in the Sand (2012).

Diskografi som produsent og lydteknikarEndra

KjelderEndra