Ketil Hvoslef
Ketil Hvoslef (fødd 19. juli 1939), døypt Ketil Sæverud, er ein norsk komponist. Han er fødd i Fana i Bergen, og er son til Harald Sæverud.
Ketil Hvoslef | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 19. juli 1939 (85 år) |
Yrke | komponist |
Far | Harald Sæverud |
Ektefelle | Inger Bergitte Sæverud |
Hvoslef tok utdanning i bratsj- og orgelspel ved Musikkonservatoriet i Bergen og studerte deretter i London, København og Stockholm. Han har komponert for orkester, strykekvartettar, klaver og orgel, og har laga musikk for filmar og fjernsynsprogram. Han har også komponert operaen Barabbas.
Diskografi
endre- Ketil Hvoslef. Aurora, 1988
- Revised Revelation. Hemera Music, 2002
- Hvoslef Concerto for Piano and Orchestra, Ein Traumspiel, Barabbas. Leif Ove Andsnes, Bergen Philharmonic Orchestra, Edward Gardner. (SIMAX 2020)
Prisar og utmerkingar
endre- 1990: Lindemanprisen
- 2011: Edvard-prisen i klassa samtidsmusikk for Octopus Rex