Kirgisisk

(Omdirigert frå Kirgisisk språk)

Kirgisisk er eit tyrkisk språk som blir snakka i Kirgisistan og granneområde. Kirigisisk er eit offisielt språk i Kirgisistan, saman med russisk. Kirgisisk vert skrive med det kyrilliske alfabetet i Kirgisistan, og med ein versjon av det arabiske alfabetet i Kina. Det latinske alfabetet vart brukt mellom 1928 og 1940; etter at Kirgisistan vart eit sjølvstendig land var tanken om å gå tilbake til det latinske alfabetet populær blant einskilde politikarar, men desse tankane vart aldri sette ut i praksis.

Kirgisisk
кыргыз тили, кыргызча, قىرعىزچا, قىرعىز تىلى, kyrgyz tili, kyrgyzça
Klassifisering Altaisk
 Tyrkisk
  Nordvesttyrkisk
   Kirgisisk
Talarar kirgisarar
Bruk
Tala i  Kirgisistan
 Tadsjikistan
 Folkerepublikken Kina Xinjiang (Kina)
Skriftsystem Det kyrilliske alfabetet i Kirgisistan, Det arabiske alfabetet i Kina
Offisiell status
Offisielt språk i  Kirgisistan
Språkkodar
ISO 639-1 ky
ISO 639-2 kir
ISO 639-3 kir
Wikipedia på kirgisisk

Det kirgisiske alfabetet

endre

Det kirgisiske alfabetet, eller alfabetet brukt til å skrive kirgisisk, har skifta i takt med sovjetisk språkpolitikk.

Fonologi

endre

Vokalar

endre
Fremre Bakre
urunda runda urunda runda
Lukka и [i] ү [y] ы [ɯ] у [u]
Mid е [e] ө [ø] o [o]
Open а [ɑ]

Konsonantar

endre
Labial Dental/
alveolar
Post-
alveolar
Palatal Velar/
Uvular
Nasal m n ŋ~ɴ
Plosiv p b t d k~q ɡ~ʁ
Affrikat tʃ dʒ
Frikativ f v s z ʃ
Lateral l~ɫ
Rullelyd r
Approksimant j

Konsonantfonema /k/, /g/, og /ŋ/ blir realisert uvulart ([q], [ɢ], [ɴ]) i bakre kontekstar (framfor bakre vokal). I fremre omgjevnader er /g/ frikativisert mellom kontinuantar (til [ɣ]), og i bakre omgjevnader er både /k/ og /g/ frikativisert (til [χ] og [ʁ]). I tillegg er likviden /l/ realisert som dorsal /ɫ/ i bakre kontekstar.

Morfologi

endre

Personbøying

endre

Personbøyinga i kirgisisk bruker skylde suffiks på tvers av ordklasse:

Suffiks eller ordformer som viser person
pronomen kopula presens possessivsuffiks preteritum/kondisjonalis imperativ
1. sg мен -mIn -mIn -(I)m -(I)m -AyIN
2. sg сен -sIŋ -sIŋ -(I)ŋ -(I)ŋ —, -GIn
2. formell sg сиз -sIz -sIz -(I)ŋIz -(I)ŋIz -GIlA
3. sg ал -t -(s)I(n) -sIn
1. pl биз -BIz -BIz -(I)bIz -(I)K -AyIK
2. pl силер -sIŋAr -sIŋAr -(I)ŋAr -(I)ŋAr
2. formell pl сиздер -sIzdAr -sIzdAr -(I)ŋIzdAr -(I)nIzdAr
3. pl алар -(I)şAt -(s)I(n) -sIn, -IşsIn

Kasus

endre

Substantiv i kirgisisk er bøygd ikasus. Kasusendingane varierer avhengig av vokalharmoni og konsonantveksling.

Kasus Underliggjande form Moglege former "båt" "luft" "bøtte" "hand" "hovud" "salt" "auge"
Nominativ кеме аба челек кол баш туз көз
Genitiv -NIn -нын, -нин, -дын, -дин, -тын, -тин, -нун, -нүн, -дун, -дүн, -тун, -түн кеменин абанын челектин колдун баштын туздун көздүн
Dativ -GA -га, -ка, -ге, -ке, -го, -ко, -гө, -кө кемеге абага челекке колго башка тузга көзгө
Akkusativ -NI -ны, -ни, -ды, -ди, -ты, -ти, -ну, -нү, -ду, -дү, -ту, -тү кемени абаны челекти колду башты тузду көздү
Lokativ -DA -да, -де, -та, -те, -до, -дө, -то, -тө кемеде абада челекте колдо башта тузда көздө
Ablativ -DAn -дан, -ден, -тан, -тен, -дон, -дөн, -тон, -төн кемеден абадан челектен колдон баштан туздан көздөн


Pronomen

endre

Kirgisisk har åtte personlege pronomen:

Personlege pronomen
Singular Plural
Kirgisisk (translitterasjon) Norsk Kirgisisk (translitterasjon) Norsk
мен (Men) eg Биз (Biz) We
сен (Sen) du (singular uformell) силер (siler) de (plural uformell)
сиз (Siz) du (singular formell) сиздер (sizder) Dykk (plural formell)
ал (al) han/ho/det алар (alar) dei

Pronomenbøyinga går fram av følgjande tabell. Eintalsformene (med unnatak av сиз, som opphavleg er ei fleirtalsform) har uregelrett bøying, dei andre formene er regelrette. Uregelrette former er sett i halvfeit.

Pronomebøying
Singular Plural
1. 2. uf 2. frm 3. 2. uf 2. frm 3.
Nom мен сен сиз ал биз силер сиздер алар
Akk мени сени сизди аны бизди силерди сиздерди аларды
Gen менин сенин сиздин анын биздин силердин сиздердин алардын
Dat мага сага сизге ага бизге силерге сиздерге аларга
Lok менде сенде сизде анда бизде силерде сиздерде аларда
Abl менден сенден сизден андан бизден силерден сиздерден алардан

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre

  Wikipediakirgisisk


  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.