Klesklype er ein reiskap for å halda klede på plass på ei snor slik at dei kan tørka. Klesklyper kan også ha andre bruksområde, til dømes knytt til musikkinstrument, fotografi eller film. Klesklyper kan vera av tre, plastikk eller metall, og kan ha form som som ein grov pinsett eller to-takka gaffel i ein del, eller ei klemme i to delar med fjøring.

Plastikklype på snor

Klesklyper kan ha hol i enden eller ein opning som er litt større enn den andre, slik at dei kan hengja på ei snor når dei ikkje er i bruk. Ein kan også ha klesklyper i eigne forklede med store lommer, posar eller boksar.

Historie endre

Klesklyper blei opphavleg laga av eitt trestykke som ein sette fast på ei snor. På 1800-talet blei det utvikla fleire nye typar, og det blei teke over hundre patent på nyutforma klesklyper i USA. I 1853 tok David M. Smith frå Vermont patent på ei klesklype sett saman av to trestykke med ei fjør imellom der «dei to lange føtene kan førast mot kvarandre og samtidig flytta dei to korte frå kvarandre.[1] Dette er den første moderne utforminga av ei klesklype som er kjend. Ifølgje Smith ville ei slik klesklype «ikkje løysast frå kleda av vinden slik høvet er med ei vanleg klesklype, og noko som er ei stor plage for vaskekoner.»[2] Solomon P. Moore, som også var frå Vermont, tok patent på ein forbetra modell i 1887. Etterkvart blei slike klesklyper produserte i heile verda, og plast blei eit vanleg materiale.

Bruk endre

Klesklyper blir hovudsakleg brukt til å hengja opp klesvask til tørk på ei snor eller eit tørkestativ. Dei kan også brukast til å hengja opp papir, til dømes etter trykking eller framkalling av fotografi.

Klypene kan vidare brukast som feste på andre ting, til dømes som del av ein kleshengjar eller eit tørkestativ, eller som del av ulike improviserte mekanismar.[3] Dei kan brukast som klype under laging av strengeinstrument som fele[4] og appalachian dulcimer[5], som sordin (dempar) når ein speler strengeinstrumenta og til å halda notehefte opne på rett stad. Under filmproduksjon kan ein bruka klesklyper til å handtera lyskastarar som fort blir for varme til å handtera utan.[6] Teknikarar på eit filmsett har gjerne klesklyper på eit verktøybelte som kan minna litt om eit patronbelte, og dei blir derfor ofte kalla «bullets» ('kuler' eller 'patronar').[7]

Klesklyper kan også ha dekorasjonar og brukast til pynt, eller danna grunnlag for ei rekkje hobbyarbeid. Ein utbreidd bruk av gammaldagse klyper i eitt stykke, med avrunda hovud, er til dømes som dokker. Det finst miniversjonar av klesklyper som ikkje er laga for å halda på plass klede, men som kan brukast til å halda papirstykke, merka drikkeglas eller liknande. Det finst også større pynteversjonar.

Klesklyper i kulturen endre

Klesklyper har inspirert fleire kunstverk. «Clothespin» av Claes Oldenburg er ei kjempeklesklype i stål. Skulpturen er frå 1976 og står ovanfor rådhuset i Philadelphia i USA. Kunstnaren Mehmet Ali Uysal har laga ein serie kunstverk kalla Skin (1, 2, 3, 4) der kjempemessige klesklyper av tre «klyp» opp foldar av jord.[8]

I Aust-Tyskland blei ungdommar sin bruk av små klesklyper (Rock-’n’-Roll-Klammern) på skjortekragen oppfatta som «vestvennleg».[9]

Kjelder endre

  1. «the two longer legs may be moved toward each other and at the same time move the shorter ones apart.» Attgjeve i New York Times.
  2. «be detached from the clothes by the wind as is the case with the common pin and which is a serious evil to washerwomen.» Attgjeve i New York Times.
  3. Til dømes som ei plantestikke (digitaltmuseum.no) eller ein avfyringsmekanisme (digitaltmuseum.no).
  4. Sjå til dømes Klemmer frå felemakar Odd P. Jacobsen
  5. «Building a Mountain Dulcimer - Part Six», osborneatelier.com
  6. Box, Harry (1993) (1st ed). Set Lighting Technician's Handbook. Focal Press. p 141, 347, 349. ISBN 0-240-80161-X.
  7. Rahmel, Dan (2004) Nuts and Bolts Filmmaking: Practical Techniques for the Guerilla Filmmaker Focal Press. p. 196. ISBN 0-240-80546-1
  8. Mehmet Ali Uysal, sweet-station.com; Skin Arkivert 2016-03-08 ved Wayback Machine., piartworks.com.
  9. Dorothee Wierling Geboren im Jahr Eins: der Jahrgang 1949 in der DDR: Versuch einer Kollektivbiographie, Ch. Links Verlag, 2002. S. 230; Wiebke Janssen Halbstarke in der DDR: Verfolgung und Kriminalisierung einer Jugendkultur, Band 1, Ch. Links Verlag, 2010. S. 204

Bakgrunnsstoff endre