Kloritoid
Kloritoid er eit grønleg-svart, klorittliknande mineral som opptrer som bestanddel i visse metamorfe skifrar. Den kjemiske formelen er Fe2Al4O2(SiO4)2(OH)4. Mineralet er strukturelt sett eit nesosilikat, ikkje eit sjiktsilikat som kloritt.
Kloritoid | |||
Kloritoidkrystallgruppa på matriks frå Nuristanprovinsen i Afghanistan (storleik:6.3 x 3.5 x 3.0 cm) | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Nesosilikat | ||
Kjemisk formel | (Fe,Mg,Mn)2Al4Si2O10(OH)4 | ||
Strunz-klassifisering | 09.AF.85 | ||
Dana-klassifisering | 52.03.03.01 | ||
Krystallsymmetri | Monoklin prismatisk 2/m eller triklinsk pinakoidal 1 | ||
Einingscelle | a = 9.50 Å, b = 5.50 Å, c = 18.22 Å; β = 101.9°; Z = 4 eller a = 9.46 Å, b = 5.50 Å, c = 9.15 Å; α = 97.05° β = 101.56° γ = 90.10° | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Mørkegrå, grønaktig grå, grønaktig svart | ||
Krystallform | Søyleforma pseudoheksagonale krystall; rosettar, vanlegvis grovt blada med typisk bøygd folie; òg massive | ||
Krystallsystem | Monoklin eller triklinsk | ||
Tvilling | Vanleg på {001}, polysyntetisk, kan vere lamellert | ||
Kløyv | perfekt på {001}, tydeleg på {110}; deling på {010} | ||
Fastleik | Sprø | ||
Mohs hardleiksskala | 6.5 | ||
Glans | perleaktig på kløyvflater | ||
Strekfarge | Kvit, gråaktig, eller særs lett grønaktig | ||
Transparens | Gjennomskinneleg | ||
Spesifikk vekt | 3.46 – 3.80 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Toaksa (+) eller (–) | ||
Brytingsindeks | nα = 1.713 - 1.730 nβ = 1.719 - 1.734 nγ = 1.723 - 1.740 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0.010 | ||
Pleokroisme | X = olivengrøn til gul; Y = gråaktig blå til blå; Z = fargelaus til bleik grønaktig gul | ||
2V-vinkel | Målt: 36° til 89° | ||
Dispersjon (spreiing) | r > v; sterk | ||
Kjelder | [1] |
Det vart først skildra i 1837 from lokalitetar i Uralfjella i Russland. Det fekk dette namnet fordi det likna mineral i klorittgruppa.[1]
I Noreg er det kjent frå Stavangerfeltet.
Kjelder
endre- Kloritoid. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/kloritoid.