Koketter (Lophornis) er ei biologisk slekt i underfamilien Lesbiinae av elleve kolibriartar. Dei lever i Mellom-Amerika og nordlege Sør-Amerika. Tre artar er endemiske for Brasil, den kritisk truga øyredobbkokette, Lophornis brachylophus, er endemisk for eit lite område i sørvestlege Mexico, og ein annan har utbreiing som strekker seg sørvest til vestlege Santa Cruz i Bolivia. Alle held til i relativt lågtliggande habitat under 2000 moh.[1]

Koketter
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Lesbiinae
Stamme: Lesbiini
Slekt: Koketter Lophornis
Lesson, 1829

Alle artane i slekta er rangert blant dei minste kolibriane. Ingen artar overstig 9 cm og dei fleste er under 7,5 cm i total lengd og veg 3 gram eller mindre. Koketthannar er kjente for sine merkelege, fargerike, ornamentale fjørtoppar og markeringar, hoene er meir dempa. Alle artane har eit kvitt eller lyst band ovafor overgumpen.[1]

Galleri

endre

Taksonomi og artsliste

endre

Slekta Lophornis vart introdusert av den franske naturforskaren René Lesson i 1829.[2] Typearten vart seinare utpeika som ornatkokette (Lophornis ornatus).[3] Det generiske namnet kombinerer det antikke greske lophos som betyr «kammen» eller «tuft» med ornis som betyr «fugl».[4]

Lophornis-kolibriar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[6]

  • Ornatkokette, Lophornis ornatus, Tufted Coquette, (Boddaert, 1783), (LC)
  • Arguskokette, Lophornis gouldii, Dot-eared Coquette, (Lesson, R, 1832), (NT)
  • Viftekokette, Lophornis magnificus, Frilled Coquette, (Vieillot, 1817), (LC)
  • Øyredobbkokette, Lophornis brachylophus, Short-crested Coquette, Moore, RT, 1949, (CR)
  • Siratkokette, Lophornis delattrei, Rufous-crested Coquette, (Lesson, R, 1839), (LC)
  • Paljettkokette, Lophornis stictolophus, Spangled Coquette, Salvin & Elliot, DG, 1873, (LC)
  • Strålekokette, Lophornis chalybeus, Festive Coquette, (Temminck, 1821), (NT)
  • Sommarfuglkokette, Lophornis verreauxii, Butterfly Coquette, Bourcier, 1853, (LC)
  • Påfuglkokette, Lophornis pavoninus, Peacock Coquette, Salvin & Godman, 1882, (LC)
  • Svarttoppkokette, Lophornis helenae, Black-crested Coquette, (Delattre, 1843), (LC)
  • Kvittoppkokette, Lophornis adorabilis, White-crested Coquette, Salvin, 1870, (LC)

Kjelder

endre
Referansar
  1. 1,0 1,1 Inngang på artsliste av Lophornis. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA
  2. Lesson, René P. (1829). Histoire naturelle des Oiseaux-Mouches (på fransk). Paris: Arthus Bertrand. s. xxxvii. 
  3. Peters, James Lee, red. (1945). Check-list of Birds of the World 5. Cambridge, Massachusetts: Harvard University Press. s. 31. 
  4. Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 230. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  5. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2023. IOC World Bird List (v13.1). doi : 10.14344/IOC.ML.13.1 Henta 7. mars 2023
  6. Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Koketter