Kaffiplante

slekt av planter i maurefamilien
Kaffiplanteslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Søteordenen Gentianales
Familie: Maurefamilien Rubiaceae
Underfamilie: Ixoroideae
Stamme: Coffeeae
Slekt: Kaffiplanteslekta Coffea
L., 1753

Kaffiplanta (Coffea) er ei buske eller eit tre med frukt som gjev kaffi.

Treet har eviggrøne, tynne, skinande mørkegrøne blad som sit parvis. Borken er grågrøn og veden er hard og lys kremfarga. Som tre kan ho verte meir enn 10 meter høg om ho får vekse fritt, men på plantasjane vert ho gjerne trimma til ei høgde på omkring 2-4 meter.

Planta, som kan verte nærare 60 år gamal, har eit djuptgåande rotsystem. Ho veks om lag 50 cm i året og blomstrar fyrst når ho er tre til fire år gamal. Kaffiplanter trivst best i temperaturar omkring 25 °C (16-28 °C om dei skal blomstre) og i gode lystilhøve utan direkte sollys. Dei treng jamn fukt, og må ikkje tørke ut. Plantene føretrekk fuktig luft utan for mykje kalk i jordsmonnet.

Kaffiplanter endre

Det finst fire ulike kaffiplanter, Arabica (Coffea arabica), Robusta (Coffea canephora), Liberica (Coffea liberica) og Excelsa (Coffea dewevrei).

Arabica (Arabia) utgjer om lag 70-80 % av produksjonen, medan Robusta (Afrika) står for om lag 20-30 %. Liberica og Excelsa utgjer berre om lag 1 % av produksjonen, der Liberica (vert dyrka i Malaysia og i Vest-Afrika) står for mesteparten.

 
Kaffibønner på planta.

Kaffibønner endre

Det er i dei raude steinfruktene, som òg vert kalla bær, vi finn dei frøa vi vanlegvis kallar kaffibønner. Bønnene ligg som regel parvis i kvar frukt, og inneheld det aktive elementet koffein, teobromin og teophyllin (metyllxanthin-alkaloid). Det er fyrst ved risting av bønnene at den eigentlege kaffiaromaen vert vekt til live. Det ferdige produktet er ein drikk som vert kalla kaffi. Bønner frå kaffiplanter som veks i høgare område skal gje kaffi av betre kvalitet.

Historia til planta endre

 
Kaffiplantar på Hawaii.

Kaffiplanta kjem truleg frå høglandet (ca. 1500 moh.) i provinsen Kaffa, sørvest i Etiopia, der ho i byrjinga vart brukt som mat. Kaffibønnene vart togne som eit stimuli, noko både Bibelen og Koranen stadfestar. I det gamle Arabia, for om lag 1 500 år sidan, brukte ein òg kaffibønnene som krydder.

Frå Arabia og Jemen spreidde planta seg til Kenya og austover til Java og resten av Indonesia. Frå Java vart det eksportert ei plante til Amsterdam i Nederland, som vart kultivert og spreidd til den såkalla «nye verda», Surinam i 1718 og Brasil i 1727. Plantninga av kaffiplanter rundt Rio de Janeiro i 1780 markerer starten på den massive dominansen Brasil har hatt i kaffimarknaden sidan. Planta som kom til Amsterdan gav i tillegg opphav til utplanting i ei rekke andre land, mellom anna på Hawaii og dei karibiske øyane, og på Filippinane.

Som drikk vart kaffi populær fyrst for om lag 500 år sidan. Då låg senteret for kaffiproduksjon i området rundt byen Mokka (sjå mokkakaffi) i Jemen. Derfrå vart drikken eksportert til Egypt i om lag 1510, til Tyrkia i om lag 1550, til Italia i om lag 1616 og så til England i om lag 1650, og det var i dette landet dei fyrste kaffihusa såg dagens lys.

Kaffihusa vart raskt viktige politiske arenaer, der politikarar og byråkratar brukte mykje tid. Denne trenden spreidde seg raskt til resten av Europa og Amerika. Når seinare kaffiproduksjonen svikta på grunn av uår, vart kaffihuseigarane desperate. Dette danna i sin tur grunnlaget for danninga av dei mange tehusa som etter kvart dukka opp.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kaffiplante