Stortingets kommunal- og forvaltingskomité
(Omdirigert frå Kommunal- og forvaltingskomitéen)
Stortingets kommunal- og forvaltingskomité er ein fagkomité på Stortinget. Den vart skipa 19. oktober 2005, og har vore i verksemd i stortingsperiodane 2005-2009 og 2009-2013. Komiteen tok over saksområde mellom anna frå den tidlegare Stortingets kommunalkomité som då vart lagt ned.
Komiteen handsamar saker knytte til kommunal forvalting, regional- og distriktspolitikk, innvandringspolitikk, bustadpolitikk, bygningssaker, nasjonale minoritetar, samiske spørsmål, saker om organisering og verkeområde for statleg forvalting, statens fellesadministrasjon, statleg personalpolitikk - mellom anna løn og pensjon, og partistøtte.
Kommunal- og forvaltingskomiteen hadde 14 medlemmar i perioden 2005-2009, og har 13 medlemmar i perioden 2009-2013.
Medlemmar 2009 - 2013
endre- Frå Arbeidarpartiet
- Ingalill Olsen, Finnmark, andre nestleiar
- Lise Christoffersen, Buskerud
- Håkon Haugli, Oslo, møter fast for Jens Stoltenberg
- Hilde Magnusson Lydvo, Hordaland
- Eirik Sivertsen, Nordland
- Frå Framstegspartiet
- Gjermund Hagesæter, Hordaland, første nestleiar
- Per-Willy Amundsen, Troms
- Åge Starheim, Sogn og Fjordane
- Frå Høgre
- Trond Helleland, Buskerud
- Michael Tetzschner, Oslo
- Frå Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti (i rekkefølgje)
- Geir Jørgen Bekkevold, Telemark
- Ola Borten Moe, Sør-Trøndelag
- Heikki Holmås, Oslo, leiar