Michael Tetzschner
Michael Christian von Tetzschner[1] (fødd 9. februar 1954 i København) er ein norsk advokat og politikar (H). Han sat i Oslo bystyre frå 1975 til 1999. Tetzschner vart medlem av byrådet i 1986, og var byrådsleiar i Oslo frå 1989 til 1991. Han vart vald inn på Stortinget frå Oslo i 2009.
Michael Tetzschner | |
![]() Michael Tetzschner på Høgre sitt landsmøte 2010. Foto: Kjetil Ree | |
Fødd | 9. februar 1954 (69 år) København |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Høgre |
Yrke | politikar, advokat |
Utdanna ved | Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo |
Ektefelle | Kristin Clemet |
Barn | Jenny Clemet von Tetzschner |
Verv | Byrådsleiar i Oslo 1989–1992 |
Føregangar | Hans Svelland |
Etterfylgjar | Rune Gerhardsen |
Verv | Leiar av Oslo Høgre 2006–2012 |
Føregangar | Heidi Larssen |
Etterfylgjar | Nikolai E. Astrup |
Verv | Stortingsrepresentant 2009– |
I 1995 trekte Tetzschner seg frå aktiv politisk deltaking, etter at han og Oslo Høgre hadde avvist byrådssamarbeid med Framstegspartiet. Etter mange års fråvær annonserte han i januar 2006 at han atter ville engasjere seg i politikken, og vart vald til leiar av Oslo Høgre 21. januar 2006, som etterfølgjar for Heidi Larssen. Gustav Heiberg Simonsen var motkandidat. I februar 2009 vann Tetzschner ei kampvotering mot Inge Lønning om tredjeplassen på Oslo Høgre si liste ved stortingsvalet i 2009. Plassen vart sett på som sikker, og ved stortingsvalet fekk også fjerdekandidat Nikolai E. Astrup stortingsplass.
Han er gift med Kristin Clemet, og dei har to barn. I tillegg har han to eldre søner med Berit Tetzschner. Som åtteåring vart han foreldrelaus og flytta frå København til besteforeldra på Smestad i Oslo.[2] Tetzschner er onkel til Opera-grunnleggjar Jon Stephenson von Tetzchner (merk manglande s i etternamnet).
StortingskomitearEndra
- 2009–2013 medlem i Kommunal- og forvaltningskomiteen
KjelderEndra
- ↑ Portrettintervju i Dagens Næringsliv 1995-11-04. I Advokatbladet 2006-02-02 uttalar han at han heiter Michael von Tetzschner, men at han berre nyttar «von» på offisielle papir.
- ↑ Dagens Næringsliv og VG 1995-11-04.