Lise Christoffersen
Lise Christoffersen (fødd 5. august 1955 i Drammen) er ein norsk politiar frå Arbeidarpartiet. Ho vart valt inn på Stortinget frå Buskerud fylke i 2005 og valt på nytt ved stortingsvalet 2009. Lise Christoffersen er utdanna statsvitar frå Universitetet i Oslo 1989 og har tidlegare arbeidd som forskar, lengst ved Institutt for sosialforsking, INAS. Ho var seniorrådgivar i rådgivingsselskapet Asplan VIAK AS 2003-2005.
Lise Christoffersen | |
![]() | |
Fødd | 5. august 1955 Drammen |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | politikar |
Utdanna ved | Universitetet i Oslo |
Verv | Ordførar i Drammen 1995-2003 |
Føregangar | Turid Iversen |
Etterfylgjar | Tore Opdal Hansen |
Christoffersen var ordførar i Drammen frå 1995 til 2003, varaordførar 1992-95. Ho var medlem av Drammen bystyre 1980–2003, og formannskap (1984–2003). Lise Christoffersen mottok i 2003, på vegne av kommunen, den prestisjetunge Bymiljøprisen som var utdelt av dåverande statsminister Bondevik.
Ho var medlem av Planlovutvalet som i 2003 gav ho si siste delinnstilling til ny plan- og bygningslov. Christoffersen har verv i styret for Strømsgodset sidan 2003.
StortingskomitearEndra
- 2005–2009: andre nestleiar i Arbeids- og sosialkomitéen; varamedlem av den norske delegasjonen til Europarådets parlamentarikerforsamling
- 2009–2013 medlem av Kommunal- og forvaltingskomiteen