Kondorpapegøye

art av papegøyefuglar
Kondorpapegøye
Kondorpapegøye
Kondorpapegøye
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiinga av Kondorpapegøye
Utbreiinga av Kondorpapegøye
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Overfamilie: Parakittar Psittacoidea
Familie: Papegøyefamilien Psittacidae
Underfamilie: Arinae
Slekt: Pyrilia
Art: Kondorpapegøye P. aurantiocephala
Vitskapleg namn
Pyrilia aurantiocephala

Kondorpapegøye (Pyrilia aurantiocephala) er ein art i papegøyefamilien Psittacidae. Han er endemisk for austsentrale Amazonas i Brasil. Dei naturlege habitata er tropiske fuktige låglandsskogar. Denne papegøyen vart opphavleg trudd å vere ein juvenil av gribbpapegøye grunna den oransje farga på det skalla hovudet, i motsetnad svart hovud på vaksne gribbpapegøyar. Men då det vart oppdaga at dei skalla individa var kjønnsmodne, vart fuglen skildra som ein ny art.[1] I røyndomen er ungfuglar av begge artar fjørkledde, med grønaktig hovud heilt ulikt vaksne fuglar.

Kondorpapegøyen er ein liten til middels, samla sett grøn papegøye med eit skalla, bruntorange hovud.[1] Som fleire andre medlemmar av slekta Pyrilia, har den raude undervengen dekkfjører som knapt er synlege når dei sit, men svært iaugefallande i flukt.

Han blir rekna som nær truga av BirdLife International, og dermed av IUCN på grunn av den utbreidde avskoginga av Amazonas.[2] Tidlegare var kondorpapegøyen plassert i slekta Pionopsitta, som no er monotypisk.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Ellis, Richard (2004). No Turning Back: The Life and Death of Animal Species. New York: Harper Perennial. s. 171. ISBN 0-06-055804-0. 
  2. BirdLife International (2012) Species factsheet: Pyrilia aurantiocephala Arkivert 2013-12-25 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 25. november 2012

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kondorpapegøye