Kongedalen

(Omdirigert frå Konganes Dal)

Kongedalen (arabisk وادي الملوك Wādī al-Mulūk‎) er ein dal i Egypt der faraoar og andre høgtståande personar frå Det nye riket i Egypt blei gravlagde frå 1500- til 1000-talet f.Kr. Saman med ruinane av Theben (Luxor) står staden på UNESCO si liste over verdsarv.

Kongedalen

Dalen er ein wadi med ein austleg og ein vestleg del. Dei fleste gravene ligg i den vestlege delen. Nye funn i 2006 og 2008 gjorde at ein no kjenner til 63 graver, der dei enklaste har eit enkelt gravkammer medan den største har over 120 kammer. Alle gravene ser ut til å ha vore opna og stolne frå i oldtida, men veggmåleri og gravgods i gravene gjev kjelder til kunnskap om tru, gravskikk og samfunn frå denne tida.

Satellittfoto som viser plasseringa av Kongedalen i høve til Nilen.

Geografi endre

Dalen ligg på vestbreidda av Nilen, på motsett side av Theben, dagens Luxor, i skuggen av fjellet Al-Qurn.

Geologisk er dalen svært variert. Gravene er hogd inn i kalkstein, som ligg i mange lag av forskjellig kvalitet. Dette må ha skapt problem for de som klargjorde gravene, og for seinare arkeologar. Lag av porøs skifer utvidar seg når dei trekkjer til seg vatn under oversymjingar, og dette har skadd mange av gravene.

Bakgrunn endre

 
KV34, grava til Totmose III.

Kongedalen blei vald ut som gravstad under Det attande dynastiet i Egypt, truleg av Totmose I, eller moglegvis av den tidlegare Amenhotep I, som nokre hevder ligg i Kongedalen som KV39. Grava til Tut-ankh-Amon er særs kjend fordi ho var temmeleg uforstyrra, og inneheldt rikt gravgods. Den siste kongegrava er Ramses X eller XI. Fleire ikkje-kongelege blei likevel lagt i eldre graver seinare.

Sjølv om gravområdet er kjend som Kongedalen, er berre rundt 20 graver laga for kongelege og adelege. Elles finn ein også umerka graver og samlingar av balsameringsrestar. Dronningdalen i nærleiken blei brukt til å gravlegga koner og barn til faraoar, men andre av desse blei også gravlagde i Kongedalen.

Fordelen med dalen er at han ligg aude til og kan vaktast, noko som ville verna mot gravrøvarar. Forma på Al-Qurn kan minna om ein pyramide, noko som også kan ha påverka valet.

Gravene i Kongedalen er hogde ut i klippene.

Omdøme og utforsking endre

Det offisielle namnet på området i Det gamle Egypt var Den store og majestetiske nekropolis for faraoen sine millionar av år, liv, styrke og helse vest for Theben, men det blei gjerne kalla Ta-sekhet-ma'at, «den store åkeren», som viser til grøde og gjenfødsel.[1]

Det offisielle namnet med hieroglyfar:

G41G1Aa1
D21
O1O29
Y1
A50sZ4
Y1
G7N35C11Z2
N35
M4M4M4t
Z2
N35
O29
O1 O1
G7S34U28sD2
Z1
R14t
t
N23 Z1
N35
R19t
O49
G7

Staden blei vitja i oldtida, særleg under romartida. Det er funne over 2 100 døme på graffiti her, dei fleste på gresk eller latin, medan andre er skrivne på fønikisk, kyprisk, lykisk, koptisk og ande språk.[2]

Kjelder endre

Fotnotar

Bakgrunnsstoff endre

  Denne historieartikkelen som har med Egypt å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.