Kongedømet Aragón
Kongedømet Aragón var eit gammalt kongedøme på Den iberiske halvøya som i dag svarar til den autonome regionen Aragón i Spania. Det må ikkje forvekslast med den større kongemakta Aragon, som Kongedømet Aragón var ein del av, i lag med område som Kongedømet Valencia og fyrstedømet Catalonia, som alle delte den same kongen.
Reino de Aragón Regne d'Aragó Kongedømet Aragón | |||||
| |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
I gult: Kongedømet Aragon på sitt største, kring 1250 | |||||
Hovudstad | Zaragoza | ||||
Språk | aragonesisk, katalansk, kastiljansk | ||||
Religion | Romersk-katolsk | ||||
Styreform | Monarki | ||||
Historisk periode | Mellomalderen | ||||
- Grevskapet Aragon vart oppretta som eit sjølvstendig kongedøme | 1035 | ||||
- Nueva Planta-resolusjonen oppløyser dei gjenverande aragonesiske institusjonane | 1707 |
Kongedømet var opphavleg ein frankisk føydal stat rundt byen Jaca, som på første halvdel av 700-talet vart ein vasallstat til kongedømet Pamplona (seinare kongedømet Navarra). På 1000-talet vart grevskapet Aragon gjeven av Sancho III av Navarra til sonen Ramiro I, som òg fekk grevskapa Ribagorza og Sobrarbe etter at bror hans, Gonzalo døydde i 1043. Ved å slå broren García Sánchez III av Navarra, fekk han i praksis sjølvstende (men den kongetittelen vart ikkje nytta før neste generasjon). Kongedømet vart utvida sørover og erobra land frå Al Andalus. Hovudstaden vart flytta frå Jaca til Huesca (1096) og seinare til Zaragoza (1118). I 1285 hadde dei sørlegaste områda av Aragón vorte erobra frå maurarane.
Kongedømet Aragón gav namn til kongemakta Aragón etter ein personalunion i 1150 mellom greven av Barcelona (Ramon Berenguer IV) og dronninga av Aragón (Petronila av Aragón). Son deira arva områda til begge. Kongane av Aragón hadde òg tittelen grevar av Barcelona og styrte områda som i dag utgjer Aragón, Catalonia og seinare Balearane, Valencia, Sicilia, Napoli og Sardinia (sjå kongemakta Aragon). Kongen av Aragón var direkte konge av den aragonesiske regionen, og hadde tittelen konge av Valencia, konge av Mallorca (ein periode), greve av Barcelona, herre av Montpellier, og for ein periode hertug av Aten og Neopatria. Kvar av desse titlane gav han suverenitet over visse område og desse titlane endra seg etter kvart som han vann og tapte område. På 1300-talet vart makta hans kraftig redusert med Aragón-unionen.
Kongemakta Aragón vart effektivt nedlagt etter ein personalunion med Castilla som i røynda samla Det spanske kongedømet under ein felles monark. Då dette skjedde fekk Aragón halde på nokre politiske institusjonar, fram til Nueva Planta-resolusjonen i 1707 omsider gjorde slutt på det.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kingdom of Aragon» frå Wikipedia på engelsk, den 1. oktober 2009.