Korsneset i Bergen

halvøy i Bergen

Korsneset er ei halvøy heilt sør i Fana i Bergen kommune som ligg mellom Fanafjorden i nord, Lysefjorden i sør og Korsfjorden i vest. I aust ligg Krokeide.

Korsneset
halvøy
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bergen
Kart
Korsneset
60°13′03″N 5°16′15″E / 60.2175°N 5.2708333333333°E / 60.2175; 5.2708333333333

Halvøya er sterkt kupert med snaufjell, furukledde lier og myrområde. Frå neset har ein utsikt over Korsfjorden til Marsteinen vest om Austevoll. Neset dekkjer 2,85 km² og av dette er 750 dekar militært område.

Det militære området, som ligg sørvest på halvøya, vart oppretta av dei tyske okkupasjonstroppane under den andre verdskrigen. Lengst aust ligg nokre hytter og eit par bustadhus, men ellers er området utan busetnad og er regulert til friluftsføremål med fleire turløyper sidan 1989. Strandområda vert rekna blant dei viktigaste i Bergensområdet og er særleg attraktive friluftsmål. Selvågen (50 daa) i nord, Rishavn (70 daa) og Såtevika (16 daa) i søraust er lagt ut som friområde.

Det høgaste punktet på halvøya er Veten på 172 moh.

Kjelder endre