Kosovorotka (russisk косоворо́тка, av koso, 'skrå', og vorotnik, 'krage') er ei vid, sid skjorte med lange erme, låg ståkrage i halslinninga og frontopning med knappar litt til venstre og halvveges ned på brystet. Kosovorotka er del av den tradisjonelle folkedrakten for menn i Russland. Skjorta blir vanlegvis boren over buksene og har ofte eit tøybelte med frynsar knytt på den venstre sida til beraren. Finare skjorter er ofte dekorerte med broderi i form av slaviske ornament langs kantar, på erma, brystet og kragen.

Kosovorotka, «russarskjorte» med skråstilt halsopning.

Historikk endre

 
Mann med tradisjonell kosovorotka 2009
 
Teikning av mann med kosovorotka, ljå og skyggelue 1923.
 
Folkemusikkgruppa Torama i det russiske etnografiske museet i St. Petersburg 2009. Musikarane er kledde i kostyme inspirert av tradisjonelle drakter.

Kosovorotka endre

Kosovorotka blei tidlegare brukt både som arbeidskittel og stasskjorte, som ytterplagg på sommaren, eventuelt saman med vest, eller som inneplagg eller undertrøye, til dømes under ein fotsid kaftan eller kortare jakke. Plagget blir no berre brukt som festplagg og i oppvisingar med folkekultur og liknande.

Liknande skjorteplagg endre

 
Den russiske diktaren Lev Tolstoj i tradisjonell bondeskjorte, ridebukser og støvlar. Handkolorert fotografi frå 1908.

Tolstovka endre

Kosovorotka er òg omtalt som tolstovka («Tolstoj-skorta») etter diktaren Lev Tolstoj som ofte kledde seg i tradisjonell bondedrakt med vid, sid skjorte på dei gamle dagane sine.

Rubasjka endre

Tradisjonelle «russarskjorter» og tunikaforma kjolar kan òg kallast rubasjka (рубашка, «skjorte») eller rubakha på russisk. Snitt, fargar og materialar har variert. Opninga føre har ofte òg vore sentrert, ikkje berre på sida, men vanlegvis ikkje heilt ned som på jakker og «vestlege» skjorter.

Gymnasterka endre

Russiske soldatar brukte gymnasterka, «russarblusar» som sommaruniform allereie før fyrste verdskrigen. Opphavleg var desse ofte kvite, men dei fekk seinare ein kamuflerande feltfarge. Troppar i Den raude armeen bar òg slike kitlar frå 1920- til 1950-talet. Plagga fekk etter kvart både praktiske brystlommer, nedfelt krage og skulderklaffar.

Sorosjka endre

Ulike variantar av vide «bunadskjorter», gjerne kvite, broderte og med belte, finst i mange slaviske folkedrakter. Ein liknande kittel med broderi er til dømes den ukrainske sorosjka (i fleirtal sorosjki; Сорочка på russisk blir bruka om «underskjorte», «nattskjorte», «nattkjole» og liknande).

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kosovorotka