Nasjonaldrakt
Nasjonaldrakt er ei form for klede brukte som nasjonalsymbol, som regel med grunnlag i kledetradisjonane til ein nasjon. Nasjonaldrakter kan vera reine folkedrakter, altså tradisjonell klesdrakt som er blitt «opphøgd» til å representera nasjonen sin, eller klede av nyare utforming. Nasjonaldrakter blir ofte brukte ved særskilde høgtidssame eller festlege høve, medan eigentlege folkedrakter er klede som følgjer ein levande tradisjon og blir brukte både til kvardags og til fint.
Utforming
endreVisse nasjonaldrakter er verdskjende symbol på landet dei kjem frå, til dømes skotsk kilt, japansk kimono og indisk sari. I mange andre høve har ein likevel ein viss type drakt i eit større geografisk område som har variasjonar mellom land, gjerne også innanfor landet, til dømes når det gjeld snitt, fargeval, utsmykking og liknande. Nasjonaldrakter kan stamma frå kvardags- eller festklede som er blitt forma etter kva som var praktisk eller mogleg å laga, og er blitt forma av tilgangen på tekstilar, fargestoff, metall og anna materiale, kulturelle eller religiøse syn på korleis ein bør kle seg, påverknad utanfrå og lokal smak.
Ofte er nasjonaldrakter variantar laga etter same lest i kulturelt nærskylde område. I Europa finn ein til dømes ei rekkje ulike nasjonaldrakter sette saman av skjorte og bukse for menn og todelt kjole for kvinner, som mange norske bunader, i Vest- og Sør-Asia av lang skjorte (kurta, kamiz) og lause bukser (salwar, padjama), i Sentral- og Aust-Asia av kåpeaktige klede som kaftan og kimono, i Sør- og Søraust-Asia av omslagsklede som sari og sarong, i den muslimske verda i Arabia og Afrika av lange kjortlar som thob og djellaba, elles i Afrika sør for Sahara av sett av trykkmønstra bluse, som dashiki, og bukse eller omslagsskjørt. I sørlegaste Afrika og Oseania finn ein mange skjørt og kapper laga av strå og plantefiber, i Oseania og Amerika er også fjører ofte ein viktig del. Elles i Amerika, Oseania og andre koloniserte stader kan ein ofte sjå «kreolisert» nasjonaldrakt som er sett saman av urinnvånarane og innvandrarane frå Afrika, Asia og Europa sine skikkar.
Bruk
endreNokre nasjonaldrakter er folkedrakter som blir brukte av mange innbyggjarar til dagleg, til dømes sari og salvar kamiz i landa i Sør-Asia. Andre stader blir dei brukte ved særskilde høve, som nasjonaldagar eller bryllaup, av store delar av folkesetnaden, slik ein til dømes ser bunad bli brukt i Noreg. I andre land igjen kan det vera vanlegare at nasjonaldrakt berre blir brukt av nokre få ved særskilde opptredenar, som morrisdanskostyme i England. Folk med røter i eit anna land enn det dei bur i kan òg bruka nasjonaldrakt for å halda fast på noko av identiteten sin
På nasjonalt nivå kan nasjonaldraktar brukast til å byggja nasjonalkjensle, som den nazistiske oppfordringa til tyske kvinner om å bruka tradisjonell Tracht og dirndl-inspirerte kjolar i staden for moteklede,[1] eller vera ein protest mot framande makter, som den indiske fridomsrørsla sin bruk av heimelaga khadi framfor utanlandske klede under kolonitida. Gjennom tidene er nasjonaldraktar blitt erklært uønskte og forbodne, som fess i Tyrkia under Atatürk, eller påbodne i forsøk på å halda unna framand kultur, til dømes i Bhutan, der gho er påkravd klesdrakt for menn og kira for kvinner.
Oversyn over folke- og nasjonaldraktar
endre(Lista er ikkje fullstendig)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «National costume» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mai 2011.
- ↑ «Fascist and nazi dress», May 25th, 2010, angelasancartier.com