Corvus

slekt av kråker og ramnar i kråkefamilien


Corvus er ei vidt utbreidd biologisk slekt av kråker og ramnar i kråkefamilien, Corvidae, som er ein del av ordenen sporvefuglar, Passeriformes. Slektsnamnet Corvus er latin for «ramn».[1] Medlemmene varierer i storleik frå dei relativt små duestore kaier til dei største sporvefuglane ramn i den holarktiske-regionen og tjukknebbramn (C. crassirostris) på høglandet i Etiopia. Dei 45 artane i denne slekta lever på alle tempererte kontinent unntatt Sør-Amerika, og fleire øyar. Arten kråke, C. cornix,, har leveområde i Europa og vestre Asia, ein liknande art, huskråke, C. splendens, lever i Sør-Asia. I Nord-Amerika er omgrepet 'kråke' brukt om amerikakråke, C. brachyrhynchos, og om muslingkråke, C. caurinus.

Corvus
Amerikakråke, Corvus brachyrhynchos Foto: Commons:User:MdfWikimedia-brukar Mdf
Amerikakråke, Corvus brachyrhynchos
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Overfamilie: Corvoidea
Familie: Kråkefamilien Corvidae
Slekt: Corvus
Linnaeus, 1758

Corvus-slekta utgjer ein tredel av artane i kråkefamilien. Medlemmane synest å ha utvikla seg frå Australia gjennom Asia.

Somme artar i slekta har demonstrert evner til å bruke verktøy og å tilverke dei òg. Kråker er rekna å vere blant dei mest intelligente i dyreverda.[2]

Skildring

endre

Ramnar og kråker er mellomstore fuglar, men store sporvefuglar, varierande frå 34 cm for nokre små meksikanske artar til 60–70 cm for vanleg ramn og for tjukknebbramn, som saman med lyrehalar representerer dei største i ordenen sporvefuglar. Dette er fuglar med ein robust kropp, utstyrt med eit lite avrunda hovud og med kraftig, langstrekt og spisst nebb, konisk forma og nedkurva mot spissen. Tjukknebbramn er ein representant for særs kraftig og bua nebb.

Små delar av ansiktet har berr hud hos nokre artar. Som typisk for heile familien, har ramnar og kråker nasefjører som dekker øvre nebbet. Dei er likevel varierande utforma. Hos kaktusramn (C. cryptoleucus) dekker fjørene meir enn halvparten av nebbet, medan den nært nærskylde kornkråka (C. frugilegus) får aukande berr hud og taper fjørbustane etter at dei har blitt vaksne. Beina er sterke, framsida av beina er dekt av hornskjel medan baksida er glatte.

Grå til svart fjørdrakt er dominerande, berre nokre artar har kvite markeringar. Det er likevel unnatak: Papuakråke (C. tristis), er ei iaugefallande lys kråke som ungfugl, men blir mørkare med alderen.[3] Fjørene til australkråke (C. orru) har ein kvit fjørbase på hovudet og nakken. Fjørene der er svarte berre frå midten og utover, den lyse fjørbasen blir synleg når sterk vind blæs fjørene frå kvarandre.[4] Australske artar har lyse auge, medan irisane generelt er mørke i slekta. Sulawesikråke, kinakråke og kvitbrystkråke har kvitt i nakken, framover og ned brystet.

Utbreiing og habitat

endre

Ein kan finne medlemmar av slekta Corvus over mest heile verda, dei er berre fråverande i Sør-Amerika, der skrikjer i kråkeslekta Cyanocorax okkuperer same økologiske nisje.[5] Aust for Wallace-linja representerer Corvus dei einaste kråkefuglane. Corvus er ei ung slekt og ikkje berre spreidd over heile Palearktis, men avanserte òg til Sør-Afrika og Australia, der det tidlegare ikkje eksisterte kråkefuglar. Dei folkesette òg sub-Antarktis og nådde til og med fjerntliggande øygrupper som Hawaii og New Zealand.

Berre nokre artar på den nordlege halvkula gjer sesongmessige trekk, medan artane i tropane og subtropane for det meste er standfuglar eller streiffuglar. Kornkråkepopulasjonane på nordlege breiddegradar rører seg til dømes regelmessig sørover om vinteren. Dei siste tiåra har likevel trekkstrekningane deira minka merkbart, noko som sannsynlegvis kjem av betre tilgang på føde i hekkeområda. Den for det meste kjøtetande arten ramn (C. corax) er ikkje avhengig av sesongmessig føde og kan halde seg på så krevjande område som Grønland i den arktiske vinteren.[6]

Dei fleste artar av ramnar og kråker er tilpassingsdyktige og bruker ulike habitat frå lågland og opptil høgder som 5800 moh., for kopjeramn, C. albicollis, på Kilimanjaro, og til 6400 moh. for tjukknebbkråke (C. macrorhynchos) ved ruta til Mount Everest. Ettersom ramnar og kråker ikkje krev spesialisert føde, kan dei overleve i ei rekke ulike habitat. Ein kan finne majoriteten av artane nært menneske i jordbruksområde og i landsbyar og større byar jorda rundt. Kaier, kråker, og til dømes amerikakråke i Nord-Amerika, har fått tett utbreiing i storbyar. Arten ramn (C. corax) derimot, held seg mest vanleg utanfor busetnader. Nokon artar som møtte menneske tidleg i deira evolusjonære historie, vart vellykka kulturelle etterfølgjarar. Huskråka (C. splendens) i India har gått lengst av alle artar: Ho har fullstendig forlate det opphavlege habitatet sitt og er no berre funne i nærleiken av menneskelege busetjingar, der ho til og med fortrenger større kråkefuglar.[7]

Blant kråkeartane som lever utanfor byar, unngår dei habitat i tette skogar, men føretrekk heller skogkantar og opne område med berre spreidde tre. Korthaleramn (C. rhipidurus) i Afrika og mulgakråke (C. bennetti) i Australia er døme på artar som lever i ørken eller halvtørre habitat. Andre føretrekk våte habitat ved elvemunningar, våtmarker, både med ferskvatn og saltvasspåverka og kystsoner generelt. Fiskekråke (C. ossifragus) er eit døme på ein art som finst nær kyst og vatn i søraustre USA, sjølv om han òg lever i urbane strøk i utbreiingsområdet.

Status

endre

Ein finn eit kjent mønster på status for artane: dei isolerte øyartane har vedvarande minkande populasjonar og er truga av utrydding.

Hawaiikråke (C. hawaiiensis) overlevde 1900-talet på svært avgrensa område på to av øyane på Hawaii. Dei to siste ville individa forsvann i 2002. Det finst nokre få individ i fangenskap for eit reintroduksjonsprogram. Omfattande endringar av det naturlege habitatet for hawaiikråka var årsaka til utryddinga. Det er skildra to andre kråkeartar på øygruppa som truleg døydde ut før år 1500 e.Kr.

Banggaikråke (C. unicolor) på øya Peleng i Indonesia og guamkråke (C. kubaryi) på Marianane er begge kritisk truga med ein minkande populasjon på færre enn 250. Guamkråka vart utrydda på øya Guam av ein innført slangeart etter andre verdskrigen, men har overlevd på ei anna lita øy. Banggaikråka er i dag truga av avskoging, jakt, turisme og palmeoljeplantasjar.

Floreskråke (C. florensis) ei ein sterkt truga art (EN) på øya Flores i Indonesia. Storleiken på populasjonen er estimert til mellom 600 og 1700 individ og er minkande. Fragmentering av habitat er hovudtrugsmålet, arten er òg utsett for reirparasittsime.

Hispaniolakråke (C. leucognaphalus) er klassifisert som sårbar (VU), er utrydda på øya Puerto Rico, men finst att spreidd på øya Hispaniola i Karibia. Populasjonen på under 7000 individ er minkande. Arten var tidlegare jakta av menneske for føde, og er i dag truga av fragmenterte habitat etter tømmerhogst og jordbruksdyrking.[8]

I mytologi og kulturen

endre

Dei vanlege kråkene og ramnane speler ei rolle i legender og eventyr over heile verda. Følgjeleg utnytta gudar og kongar desse fuglane sin visdom, intelligens og deira evner til å flyge. Parallelt speler desse fuglane òg ei rolle i populær tru og overtru. I norrøn mytologi symboliserer ramnen visdom, guden Odin hadde alltid med seg dei to ramnane Hugin og Munin, som sat på skuldrene og orienterte han om kva som føregjekk i verda. Kong Arthur blir sagd å ha vorte omgjort til ein ramn. Ramnane var heilage for den greske guden Apollon. I historia om flaumen lèt Noah ein ramn flyge (1. Mosebok 8,6-7). I følgje Bibelen blir profeten Elia tatt vare på av ramnar i ei tid med hungersnød (1. Kongebok 17: 6). I den babylonske versjonen av flommyten, Atraḫasis-eposet, sende Atraḫasis tre fuglar etter at regnet var avslutta: ei due, ei svale og ein ramn. Ramnen kom ikkje tilbake, så Atraḫasis visste at landet var tilgjengeleg igjen. Både i den jødisk-kristne og den eldre babylonske versjonen fell jorda etter flaumen, noko som bidrog til det dårlege bildet av ramnen som ein uflaksfugl.

Ramnen speler òg ei stor rolle i nordamerikanske indiske og inuittiske eventyr, der han, i motsetning til i vestafrikanske eventyr, speler ei positiv rolle. I India følgjer kråker gudinna Kali. I kristne legender er kråka bodberaren til den heilage Oswald, og to ramnar jaga mordarane på Meinrad von Einsiedeln og førte dei for retten.

Fram til i dag er ramnar og kråker ofte symbol i litteratur, film og livsstil. Døme er dikt og filmar med ramnar eller kråker som hovudpersonar eller i det minste eit essensielt designelement. Ei av dei mest kjente dikta i den engelsktalende verda er The Raven av den USA-amerikanske forfattaren Edgar Allan Poe.

Artslista

endre

Corvus-kråker i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2019[9] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[10]

Slekt Corvus

  • Kaie, C. monedula, Eurasian Jackdaw, Linné, 1758, (LC)
  • Mongolkaie, C. dauuricus, Daurian Jackdaw, Pallas, 1776, (LC)
  • Huskråke, C. splendens, House Crow, Vieillot, 1817, (LC)
  • Kortnebbkråke, C. moneduloides, New Caledonian Crow, Lesson, 1831, (LC)
  • Banggaikråke, C. unicolor, Banggai Crow, Rothschild & Hartert, 1900, (CR)
  • Arkipelkråke, C. enca, Slender-billed Crow, Horsfield, 1822, (LC)
  • Seramkråke, C. violaceus, Violet Crow, Bonaparte, 1850, (LC)
  • Sulawesikråke, C. typicus, Piping Crow, Bonaparte, 1853, (LC)
  • Floreskråke, C. florensis, Flores Crow, Büttikofer, 1894, (EN)
  • Guamkråke, C. kubaryi, Mariana Crow, Reichenow, 1885, (CR)
  • Langnebbkråke, C. validus, Long-billed Crow, Bonaparte, 1851, (NT)
  • Salomonkråke, C. woodfordi, Guadalcanal Crow, Ogilvie-Grant, 1887, (LC)
  • Bougainvillekråke, C. meeki, Bougainville Crow, Rothschild, 1904, (LC)
  • Brunhovudkråke, C. fuscicapillus, Brown-headed Crow, Gray, 1859, (NT)
  • Papuakråke, C. tristis, Gray Crow, Lesson & Garnot, 1827, (LC)
  • Smalnebbkråke, C. capensis, Cape Crow, Lichtenstein, 1823, (LC)
  • Kornkråke, C. frugilegus, Rook, Linné, 1758, (LC)
  • Amerikakråke, C. brachyrhynchos, American Crow, Brehm, 1822, (LC)
  • Muslingkråke, C. caurinus, Northwestern Crow, Baird, 1858, (LC)
  • Palmekråke, C. palmarum, Palm Crow, Württemberg, 1835, (LC)
  • Kubakråke, C. nasicus, Cuban Crow, Temminck, 1826, (LC)
  • Hispaniolakråke, C. leucognaphalus, White-necked Crow, Daudin, 1800, (VU)
  • Jamaicakråke, C. jamaicensis, Jamaican Crow, Gmelin, 1788, (LC)
  • Kvekkekråke, C. imparatus, Tamaulipas Crow, Peters, 1929, (LC)
  • Sinaloakråke, C. sinaloae, Sinaloa Crow, Davis, 1958, (LC)
  • Fiskekråke, C. ossifragus, Fish Crow, Wilson, 1812, (LC)
  • Hawaiikråke, C. hawaiiensis, Hawaiian Crow, Peale, 1848, (EW)
  • Kaktusramn, C. cryptoleucus, Chihuahuan Raven, Couch, 1854, (LC)
  • Svartkråke, C. corone, Carrion Crow, Linné, 1758, (LC)
  • Kråke, C. cornix, Hooded Crow, Linné, 1758, (UR)
  • Tjukknebbkråke, C. macrorhynchos, Large-billed Crow, Wagler, 1827, (LC)
  • Australkråke, C. orru, Torresian Crow, Bonaparte, 1851, (LC)
  • Grovnebbkråke, C. insularis, Bismarck Crow, Heinroth, 1903, (LC)
  • Mulgakråke, C. bennetti, Little Crow, North, 1901, (LC)
  • Klageramn, C. coronoides, Australian Raven, Vigors & Horsfield, 1827, (LC)
  • Flokkramn, C. mellori, Little Raven, Mathews, 1912, (LC)
  • Tasmanramn, C. tasmanicus, Forest Raven, Mathews, 1912, (LC)
  • Kinakråke, C. pectoralis, Collared Crow, Gould, 1836, (VU)
  • Kvitbrystkråke, C. albus, Pied Crow, Müller, 1776, (LC)
  • Brunnakkeramn, C. ruficollis, Brown-necked Raven, Lesson, 1831, (LC)
  • Somalikråke, C. edithae, Somali Crow, Lort Phillips, 1895, (LC)
  • Korthaleramn, C. rhipidurus, Fan-tailed Raven, Hartert, 1918, (LC)
  • Kopjeramn, C. albicollis, White-necked Raven, Latham, 1790, (LC)
  • Tjukknebbramn, C. crassirostris, Thick-billed Raven, Rüppell, 1836, (LC)
  • Ramn, C. corax, Common Raven, Linné, 1758, (LC)

Kjelder

endre
Wikipedia på tysk oppgav mellom anna kjelda:
Referansar
  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 119. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. Nordahl, Marianne (3. juli 2020). «Kråkeforeldre har drevet fram utviklingen av intelligens». forskning.no. Henta 1. november 2020. 
  3. Debus, S. (2020). Gray Crow (Corvus tristis), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.grycro1.01
  4. Debus, S. (2020). Torresian Crow (Corvus orru), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.torcro2.01
  5. del Hoyo et al. 2009, s. 494–510.
  6. del Hoyo et al. 2009, s. 552-554.
  7. del Hoyo et al. 2009, s. 514–516.
  8. BirdLife International (2020) IUCN Red List for birds, søk på Corvus. Henta 14. november 2020
  9. Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; S. M. Billerman; B. L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks. (august 2019), eBird/Clements Checklist v2019 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. november 2020 
  10. Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Corvus