Knut Arild Hareide

norsk politikar

Knut Arild Hareide (fødd 23. november 1972 på Bømlo) er ein tidlegare politikar, og leiar for KrF frå 2011 til 2019. Hareide gjekk av som partileiar i 2019 etter at KrF valde å gå inn i regjering med Høgre, Venstre og Framstegspartiet, det sistnemnde partiet ville ikkje Hareide ha i koalisjonen.[1] Sidan 1. januar 2022 har han vore sjøfartsdirektør i Sjøfartsdirektoratet.[2]

Knut Arild Hareide

Knut Arild Hareide
Foto: Mona Høvset
Fødd23. november 1972 (51 år)
Bømlo kommune
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar, forretningsdrivande
Utdanna vedNorges handelshøyskole
EktefelleLisa Marie Hareide
VervNorsk samferdselsminister 24. januar 2020– i dag
FøregangarJon Georg Dale
VervPartileiar i Kristeleg Folkeparti 30. april 2011– 17. januar 2019
FøregangarDagfinn Høybråten
EtterfylgjarKjell Ingolf Ropstad
VervNorsk miljøvernminister 18. juni 2004– 17. oktober 2005
FøregangarBørge Brende
EtterfylgjarHelen Bjørnøy
Alle verv

Bakgrunn endre

Hareide vaks opp på Rubbestadneset. Han var statsråd og sjef for Miljøverndepartementet (Miljøvernminister) frå 18. juni 2004 til regjeringa Bondevik II gjekk av hausten 2005. Frå 24. januar 2020 var han samferdselsminister for regjeringa Solberg.

Hareide er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole (NHH) og har sosiologi grunnfag frå Universitetet i Bergen. Han har vore politisk rådgjevar i Kyrkje- utdannings- og forskingsdepartementet i Regjeringa Bondevik I, statssekretær i Finansdepartementet i den andre Bondevikregjeringa; og er 2. nestleiar i KrF frå 2003.

Då Hareide tiltredde stillinga som miljøvernminister 18. juni 2004, berre 31 år gammal, vart han den yngste ministeren frå KrF nokon sinne.

I det sivile livet har Hareide vore tilsett i Schibsted-konsernet sidan 1997. I januar 2007 vart det kjent at Hareide førebels trekte seg frå politikken for å satse på ein karriere i næringslivet. Frå 2007 til hausten 2009 var han tilsett som organisasjonsdirektør i Schibsted.[3]

Hareide blei ved stortingsvalet 2009 vald inn som representant frå Akershus. Han leia Transport- og kommunikasjonskomitéen på Stortinget.

Hareide er gift med Lisa Marie Hareide, saman har dei to born.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Norum, Hallvard (17. januar 2019), «Hareide går av som partileder», NRK (på norsk bokmål), henta 3. oktober 2022 
  2. fiskeridepartementet, Nærings-og (12. november 2021), «Knut Arild Hareide blir ny sjøfartsdirektør», Regjeringen.no (på norsk), henta 3. oktober 2022 
  3. «Hareide gir seg i KrF», Dagbladet, 25. januar 2007

Bakgrunnsstoff endre