Kristian Friis Petersen

norsk advokat og politikar

Kristian Friis Petersen (7. september 18675. april 1932) var ein norsk sakførar, stortingsmann og statsråd frå Namsos. Petersen representerte VenstreStortinget.

Kristian Friis Petersen

Fødd17. september 1867
Namsos
Død5. april 1932 (64 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, advokat, embetsperson
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1906–1909)
  • ordførar i Ålesund (1910–1912)
  • Norges sosialminister (1914–1916)
  • Norsk handelsminister (1916–1919)
  • stortingsrepresentant (1913–1915)
  • fylkesmann i Hordaland (1918–1929) Sjå dette på Wikidata

Petersen var son til ein fut. Han vart student frå Ålesund skule i 1886 og cand. jur. i 1891. Etter embetseksamen var han i to år sorenskrivarfullmektig for Søre Sunnmøre. Han slo seg deretter ned som overrettssakførar i Ålesund. Frå 1913 var han sorenskrivar i Nordre Sunnmøre.

Petersen var einmannskrinsen Ålesund og Molde sin representant på Stortinget i periodane 1906-09 og 1913-15. I den fyrste valbolken var han sekretær i justiskomiteen, i den andre var han formann i same. Frå 31. januar 1913 var han president i Odelstinget og dessutan medlem av valkomiteen. Han var ordførar i Ålesund 1911-12.

Kjelder

endre