Kristin Normann (fødd 1954), fødd i Oslo, er ein norsk jurist, tidlegare professor i jus og advokat. Ho blei 12. februar 2010 utnemnd til dommar i Noregs Høgsterett. Ho tiltredde som høgsterettsdommar 9. august 2010.

Kristin Normann

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. mai 1954 (69 år)
Oslo
Yrke dommar, Advokat, professor

Kristin Normann vart uteksaminert cand.jur. frå Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo i 1982, og vart dr. juris i 1994. Ho har arbeidd som advokatfullmektig i Advokatfirmaet BA-HR 1983-1984, forskar, førsteamanuensis og professor ved Institutt for privatrett, Universitetet i Oslo 1985-2007, konstituert lagdommar i Borgarting lagmannsrett i 2003, og som advokat og partner i Advokatfirmaet Selmer frå 2006.

Kristin Normann har vore styremedlem ved Oslo Børs, og i privateigde norske selskap. Ho har også vore medlem av kontrollkomitéar for private og offentlege finansinstitusjonar. Ho har også vore valdgiftsdommar, og var med i granskingsutvalet i Valla-saka.

Kristin Normann sitt fagområde har vore selskapsrett.

Bibliografi endre

  • Medvirkeransvaret i aksjeloven og allmennaksjeloven § 17-1 (2). Særlig om medvirkeransvaret i konsernforhold” i Festskrift til Mads H. Andenæs, Redaktører Geir Woxholth, Gudmund Knudsen og Kristin Normann (2010).
  • Misligholdsbeføyelser ved brudd på aksjonæravtale” i Institutt for privatrett Skriftserie 175: Mads Henry Andenæs, Gudmund Knudsen og Kristin Normann: ”Tre foredrag om aksjonæravtaler”. (2009)
  • Om tidspunktet for overgang av aksjonærens organisatoriske beføyelser knyttet til aksjer i allmennaksjeselskaper, Nordisk Tidsskrift for Selskabsret, 2003, s. 357
  • Nordic financial market law: the regulation of the financial services in Denmark, Finland, Iceland, Norway and Sweden, 2003, medforfatter
  • Prospektansvar – behov for nytenkning?, Tidsskrift for Rettsvitenskap, 2002, s. 239
  • Indirekte aksjonæransvar, Nordisk Tidsskrift for Selskabsret, 1999, s. 64
  • Ansvarlige selskapers prosessuelle stilling, Jussens Venner, 2000, s. 229
  • Styremedlemmers erstatningsansvar i aksjeselskaper, 1994

Kjelder endre