Opna hovudmenyen

Markgrevskapet Brandenburg (tysk Markgrafschaft Brandenburg eller Mark Brandenburg) var eit stort fyrstedøme i Det tysk-romerske riket frå 1157 til 1806. Det spelte ei vesentleg rolle i Tyskland og Sentral-Europa.

Mark/Markgrafschaft Brandenburg
Markgrevskapet Brandenburg
Stat i Det tysk-romerske riket
Kurfyrstedøme (1356–1806)
Blank.png
1157–1806 Flagge Preußen - Provinz Brandenburg.svg

Våpenet til Brandenburg

Våpen

Hovudstad Brandenburg
Berlin (frå 1417)
Religion Romersk-katolsk
Lutheranisme
Calvinisme
Styreform Monarki
Markgreve
 - 1157–1170 Albrekt Bjørnen (første)
 - 1797–1806 Fredrik Vilhelm III (siste)
Historie
 - Markgrevskapet oppretta 3. oktober 1157
 - Kurfyrstedømet oppretta 25. desember 1356
 - Brandenburg-Preussen 27. august 1618
 - Kongedømet Preussen 1. januar 1701
 - Oppløysinga av riket 6. august 1806

Brandenburg utvikla seg frå Nordmark som vart grunnlagd i landområdet til det slaviske folket vendarane. Dei regjerande markgrevane vart sett inn som høgt respekterte kurfyrstar i Den gylne bullen i 1356, noko som gav dei stemmerett i valet av den tysk-romerske keisaren. Staten vart då etter kvart òg kjend som Kurfyrstedømet Brandenburg (Kurfürstentum Brandenburg eller Kurbrandenburg).

Huset Hohenzollern tok over trona av Brandenburg i 1415. Under Hohenzollern sitt styre fekk Brandenburg raskt meir makt på 1600-talet og arva Hertugdømet Preussen. Dette vart til Brandenburg-Preussen, ein føregjengar for Kongedømet Preussen, som skulle verte den leiande tyske staten på 1700-talet. Sjølv om den høgaste tittelen til kurfyrstane var Konge av Prøyssen, var maktbasen deira i Brandenburg og hovudstadane Berlin og Potsdam.

Markgrevskapet Brandenburg enda då det gamle Tysk-romerske riket vart oppløyst i 1806 og vart erstatta av den prøyssiske provinsen Brandenburg i 1815. Trass i ein treg start i Det tysk-romerske riket, klarte Hohenzollern i Kongedømet Preussen å samle Tyskland og opprette Det tyske riket i 1871. «Mark Brandenburg» vert framleis uformelt nytta i dag som om forbundslandet Brandenburg i Tyskland.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra