Kuwaitisk geografi

Kuwait ligg i Sørvest-Asia, ved Persiabukta, mellom Irak og Saudi-Arabia. Kuwait var eit blømande handelssenter i mange hundreår og vart internasjonalt kjend i etterkrigstida på grunn av den strategiske plasseringa inst i Persiabukta og dei store oljeinntektene.

Kuwaitisk geografi
Kart over Kuwait
Kart over Kuwait
Kart over Kuwait
Topografi
Topografi
Topografi
Plassering
Land Kuwait
Koordinatar 29°30′N 45°45′E / 29.500°N 45.750°E / 29.500; 45.750
Totale landegrenser 475 km
Grenseland Irak 254 km, Saudi-Arabia 221 km
Geografi
Areal
- totalt:
- land:
- vatn:

17 818 km²
17 818 km²
0 km²
Kystlinje 499 km
Høgder
- høgaste punkt:
- lågaste punkt:

Mutlaryggen 306 moh
Persiabukta 0 moh


Arealbruk
Dyrkbar mark 0,6 %
Permanente avlingar 0,3 %
Permanente beitemarker 7,6 %
Skogområde 0,4 %
Anna 91,1 % (2012)
Irrigert land 86 km² (2007)
Naturressursar
Petroleum, fisk, reker, naturgass
Naturfarar
Skybrot er vanlege frå oktober til april - dei fører til kraftig regn som kan øydeleggje vegar og hus; Sandstormar kan skje året rundt, men er vanlegast frå mars til august.
Miljøproblem
Avgrensa naturleg ferskvassressursar. Somme av dei største og mest sofistikerte avsaltingsanlegga i verda forsyner det meste av vatnet. Luft- og vassforureining. Ørkenspreiing.

Kuwait ligg heilt i det nordvestlege hjørnet av Persiabukta. Det er ein liten nasjon på 17 820 kvadratkilometer. Landet strekkjer seg kring 200 km frå nord til sør og 170 km frå aust til vest.

Satellittbilete av Kuwait.

Grenser endre

Kuwait har ei 195 km lang kystlinje langs Persiabukta. Landet har ni øyar, og to av desse, Bubiyan (den største) og Warbah, er stort sett folketomme, men likevel strategisk viktige. På grunn av Irak-Kuwait-krigen forlét mange folk heimane sine på øyane, som Faylakah, og har sidan ikkje kome attende.

Det største geografiske kjennemerket i Kuwait er Kuwaitbukta, som gjev naturleg vern for hamna i Kuwait. Ho går 40 km innover kysten, og utgjer nesten halvparten av kystlinja til landet.

I sør og vest deler Kuwait ei 250 km lang grense med Saudi-Arabia. Grensa mellom desse to landa vart avgjort i Al Uqayr-traktaten i 1922, der det òg vart oppretta ei saudiarabisk-kuwaitisk nøytral sone på 5 700 kvadratkilometer mellom dei to nasjonane. I 1966 gjekk Kuwait og Saudi-Arabia med på å dele den nøytrale sona. Ressursane i området, no kjend som Den delte sona, er ikkje råka av avtalen. Olje frå både felt på land og til havs vert framleis delt likt mellom dei to landa.

Den tredje sida av det trekantforma landet er den 240 km lange grensa mellom Kuwait og Irak. Sjølv om den irakiske regjeringa, som først gjorde krav på heile Kuwait i 1938, anerkjende grensene med Kuwait i 1963 (basert på semjer gjort tidlegare på 1900-talet), heldt dei fram å legge presse på Kuwait for å få kontroll over Bubiyan- og Warbah-øyane i 1960- og 1970-åra. I august 1990 invaderte Irak Kuwait, og kort tid etter innlemma dei formelt heile landet i Irak. Etter resolusjonen til Tryggingsrådet i SN, og etter at Kuwait igjen vart sjølvstendig i 1991, gjorde SN ei formell oppteikning av grensa basert på grensene ein vart samde om i 1963. Grensa vart nedteikna i 1992, men Irak har nekta å akseptere dette.

Klima endre

 
Sandstorm over Kuwait og Sør-Irak, 16. april 2003.

Kuwait har eit tørt klima. Temperaturane varierer stort frå vinter til sommar. Landet rundt får kring 75 til 150 mm nedbør i året i snitt, men somme år har det kome så mykje som 600 mm. Sommartemperaturen varierer i snitt frå 42 til 48 °C, og varmerekorden i landet er 53,8 °C, målt i Sulaibya den 31. juli 2912. Dette er òg varmerekord for heile Asia, og den tredje høgaste målinga i verda.[1] Kulderekorden i landet er på -6,1 °C, sett i Kuwait by i januar 1964.

Somrane er lange og starten på sommaren vert markert med dramatiske sandstormar i mars og april, då dei nordvestlege vindane dekkjer byane i sand. Seint på sommaren er det høgare råme. Mot slutten av oktober minkar heiten, og dei kalde vintrane byrjar. Temperaturane kan verte så låge som -6 °C om natta. På dagtid er vintertemperaturane gjerne mellom 10 og 17 °C. På denne tida kan ein får korte, men kraftige torevêr. Frost får ein når temperaturen fell under 5 °C. Nedbør er meir vanleg om vinteren (hovudsakleg i november). Vintrane i Kuwait er kaldare enn andre land kring Persiabukta, som Bahrain, Qatar eller Dei sameinte arabiske emirata. Kuwait ligg lenger nord og vert i større grad påverka av dei kalde vindane frå nordlege Irak og Iran.

 
Ørkenen i Kuwait under ein sandstorm.

Miljø endre

Internasjonale miljøvernsavtalar

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Upgraded HWRF and GFDL Hurricane Models Excelled During Hurricane Arthur». Weather Underground. USA: Dr. Jeff Masters. 11. juli 2014. Arkivert frå originalen 17. januar 2013. Henta 13. juli 2014.