Kygo

Norsk musikar frå Bergen by i taiwan

Kyrre Gørvell-Dahll (fødd 11. september 1991), betre kjent under artistnamnet Kygo, er ein EDM-musikar frå Fana i Bergen i Vestland. Han vart kjend gjennom nettstadene YouTube og Soundcloud, der han publiserte musikken sin og fekk over 400 millioner treff. Kygo bur i Sandviken i Bergen.

Kygo

Fødd11. september 1991 (32 år)
FødestadSingapore
FødenamnKyrre Gørvell-Dahll
AliasKygo
OpphavNoreg
Aktiv2009–
SjangerTropical house, deep house, downtempo, progressiv house, house, elektronisk dansemusikk
Instrumentpiano, tangentinstrument, Musikkarbeidsstasjon, synthesizer
PlateselskapUltra Music, Sony Music
Verka sompianist, musikkprodusent, låtskrivar, DJ, plateartist, komponist, songtekstforfattar
PrisarÅrets spellemann, Spellemannprisen for årets hit, P3-prisen

Bakgrunn endre

Kyrre Gøvell-Dahl vart fødd i Singapore.[1][2][3] Han begynte å ta pianotimar i ein alder av seks år.[4] Då han var i ein alder mellom 15 eller 16 år slutta han med pianotimar, og begynte å produsere musikk på eiga hand gjennom dataprogrammet Logic Studio og eit MIDI-keyboard, i tillegg til å sjå lærevideoar på YouTube.[5][treng kjelde] Inspirasjonen til å laga EDM-musikk kom frå den svenske DJ-en Avicii.[6]

Artistnamnet «Kygo» kjem frå brukarnamnet hans på skuleverktøyet itslearning, og er ei samantrekking av hans dei to første bokstavane i førenamnet og etternamnet hans.[7]

Suksess endre

Dei mest populære låtane Kygo har remixa er mellom anna Ed Sheeran sin «I See Fire», Marvin Gaye sin «Sexual Healing» og Ellie Goulding sin «High for This».[8] I mai 2014 remixa han låta «Midnight» på oppdrag av Coldplay.[9] Seinare same månaden nådde remixen hans av Seinabo Sey sin song «Younger» fyrsteplassen på VG-lista topp 20.[10] Kygo sin fyrste singel, «Firestone», klatra også til topps på VG-lista.[11]

«Stole the show» vart oppfylginga av «Firestone», som då blei ein stor hit både internasjonalt og nasjonalt. «Stole the Show» nådde også VG-lista topp 20. Kygo opptredde på EDM-festivalen Tomorrowland i juli 2014.[12] Han opptredde også på Ultra Music Festival i april 2015.[13]

Kåringar endre

Kygo vart kåra til Årets spellemann under Spellemannsprisen 2015 og vann i tillegg klassen årets låt for «Stole the Show». Han vart dessutan nomitert i klassane årets låt for «Firestone», årets musikkvideo for «Stole the Show», årets nykomling og årets produsent.

Kygo er den artisten som raskast har nådd éin milliard avspelingar på Spotify, i desember 2015.[14]

 
Logoen til Kygo.

Kjelder endre

  1. hermesauto (21. juni 2016). «Big names such as Norway's Kygo for inaugural Ultra Singapore dance music festival». Henta 22. august 2016. 
  2. «Billboard Cover: Kygo on His Rise to Fame -- 'I Have to Enjoy It While It Lasts'». Henta 22. august 2016. 
  3. Ågotnes, Tony. «9 fakta du ikke visste om KYGO». Arkivert frå originalen 29. august 2016. Henta 22. august 2016. 
  4. «Fanabuen Kyrre (22) gikk fra pianotimer til DJ-suksess». Henta 4. april 2015. 
  5. «Interview: Kygo». The Vibe Guide. 9. januar 2014. Henta 21. juni 2015. 
  6. «Who is Kygo? Everything You Need to Know», www.thefamouspeople.com (på engelsk), henta 1. november 2022 
  7. TV2.no - «Bergens-gutten «Kygo» lager millionhitsene på mormors piano» Besøkt 28. juli 2015.
  8. Halvor Haugen & Gaute Zakariassen (8. april 2014). «Låtene til usignerte Kyrre (22) er spilt over 60 millioner ganger på Soundcloud og Youtube» (på norsk bokmål). NRK. Henta 6. mai 2014. 
  9. Sindre Øye Helgheim & Mette Anthun (5. mai 2014). «Suksessen til Kygo når nye høyder» (på norsk bokmål). NRK Hordaland. Henta 6. mai 2014. 
  10. «Norske Kygo topper VG-lista», VG 30. mai 2014
  11. «Kygo rett til topps på VG-lista», VG 12. desember 2014
  12. TomorrowWorld 2014 | Kygo (YouTube)
  13. https://soundcloud.com/jeeter-7/kygo-live-at-ultra-music-festival-live-stage-wmc-2015-miami-full-set-29-mar-2015
  14. «Kygo passerer en milliard spilte på Spotify». VG. Henta 4. mai 2016.