7-fjellsturen
(Omdirigert frå Sjufjellsturen)
7-fjellsturen er ein fjelltur i Bergen som har vorte arrangert årleg sidan 1948. Arrangøren er Bergen og Hordaland Turlag.
Turen går over det som vert rekna som Dei sju fjella i Bergen i rekkefølgja som er oppgitt under. Dersom ein ikkje ønskjer å gå over alle sju fjella, er det mogleg å gå den kortare 4-fjellsturen. Då går ein dei fire siste fjella i turen.
- Lyderhorn (396 moh., 4 km)
- Damsgårdsfjellet (317 moh., 8 km)
- Løvstakken (477 moh., 11 km)
- Ulriken (643 moh., 17 km)
- Fløyfjellet (400 moh., 22 km) ved Fløirestauranten
- Rundemanen (568 moh., 25 km)
- Sandviksfjellet (417 moh., 26 km)
Plakettar og statuettar
endreEtter gjennomført tur er det mogleg å få kjøpt plakett og/eller statuett. Dersom ein er over 65 år eller under 12 år vil ein telja med kor mange gonger ein har fullført 4-fjellsturen, ikkje berre 7-fjellsturen.
- 1. gong = 7-fjellsplaketten i bronse.
- 7. gong = 7-fjellsplaketten i sølv.
- 14. gong = 7-fjellsplaketten i gull.
- 21. gong = Vandreren i bronse.
- 28. gong = Vandreren i sølv.
- 35. gong = Vandreren i gull.
- 42. gong = Æresplakett.
I 2010 var det til saman seks personar som hadde blitt premiert for 42 fullførte turar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «7-fjellsturen» frå Wikipedia på bokmål, den 20. juni 2015.