Lahti-renna 1980

Skirenn i Finland

Dei årlege internasjonale skirenna i Lahti 1980 vart avvikla dagane 7. til 9. mars 1980. Tevlingane gjekk same helga som Svenska skidspelen, inkludert verdsmeisterskapen på 20 kilometer for kvinner, noko som gjorde at dei beste svenske utøvarane og dei beste kvinne-langrennarane uteblei frå Lahti.

Dei seks rennvinnarane kom frå seks ulike land. Norske Jan Lindvall sigra på femmila føre landsmannen Oddvar Brå, Aleksandr Zavjalov frå Sovjetunionen gjekk til topps på 15 km, medan finske Hilkka Riihivuori var suveren på kvinnene sin 10 km. Kombinertrennet enda med austtysk triumf ved Uwe Dotzauer, Armin Kogler frå Austerrike var bestemann i normalbakken og Steve Collins frå Canada hoppa lengst i det amputerte storbakkerennet.

MennEndra

15 kmEndra

Plass Utøvar Land Tid
1 Aleksandr Zavjalov   Sovjetunionen 48.38,1
2 Lars Erik Eriksen   Noreg 48.42,1
3 Sergej Saveljev   Sovjetunionen 49.08,7
4 Vasilij P. Rotsjev   Sovjetunionen 49.09,0
5 Vladimir Lukjanov   Sovjetunionen 49.15,8
6 Harri Kirvesniemi   Finland 49,23,7
7 Peder Hagen   Noreg 49.38,6


50 kmEndra

Plass Utøvar Land Tid
1 Jan Lindvall   Noreg 2.32.41,6
2 Oddvar Brå   Noreg 2.34.11.1
3 Juha Mieto   Finland 2.34.26,8
4 Pertti Teurajärvi   Finland 2.34.49.1
5 Peder Hagen   Noreg 2.35.12,6
6 Anders Bakken   Noreg 2.35.23,4


KombinertEndra

Plass Utøvar Land Poeng
1 Uwe Dotzauer   Aust-Tyskland 420,69
2 Andreas Langer   Aust-Tyskland 410,70
3 Stanislaw Kawulok   Polen 395,09
4 Jorma Etlelälahti   Finland 394,10
5 Jouko Karjalainen   Finland 393,65
6 Rauno Miettinen   Finland 390,82
7 Hermann Weinbuch   Vest-Tyskland 388,11
8 Karl Lustenberger   Sveits 386,44
9 Tom Sandberg   Noreg 384,37
10 Hallstein Bøgseth   Noreg 375,67


Hopprenn, normalbakkeEndra

Plass Utøvar Land Poeng
1 Armin Kogler   Austerrike 244,9
2 Hubert Neuper   Austerrike 241,8
3 Jouko Törmänen   Finland 235,8
4 Hans Wallner   Austerrike 235,1
5 Masahiro Akimoto   Japan 234,1
6 Stanislaw Bobak   Polen 232,5
7 Steve Collins   Canada 231,8
8 Johan Sætre   Noreg 230,6


Hopprenn storbakkeEndra

Plass Utøvar Land Poeng
1 Steve Collins   Canada 146,1
2 Jouko Törmänen   Finland 131,7
3 Hubert Neuper   Austerrike 128,1
4 Hans Wallner   Austerrike 122,5


KvinnerEndra

10 kmEndra

Plass Utøvar Land Tid
1 Hilkka Riihivuori   Finland 38.38,2
2 Helena Takalo   Finland 39.48,6
3 Iraida Suslova   Sovjetunionen 40.13,7
4 Marja Auroma   Finland 40.49,4
5 Inger Helene Nybråten   Noreg 41.10,4
6 Ljubov Sukova   Sovjetunionen 41.20,1
7 Berit Johannessen   Noreg 41.24,0


KjelderEndra

  • Sportsboken 80-81. Dreyer Bok Stavanger. 1980.