Famn
Famn er ei gammal eining for lengd eller eit mål for ved. Med ein famn forstår vi i dag til vanleg ei lengd på om lag 1,88 meter eller ein vedstabel på 2,4 lauskubikkmeter.
Famn som lengdemål
endreEin famn var ei lengd på tre alen, eller 1,882 meter. Famn vert framleis brukt av eldre fiskarar som mål på sjødjupn og lengd på fiskereiskap.
Famn som vedmål
endreEin famn ved var opphavleg ei vedmengd som målte ein famn i breidd og høgd, medan lengda varierte ettersom ein selde alenved eller langved.
Då meterkonvensjonen vart innført i 1875, vart det bestemt at ein famn alenlang ved i metrisk vedmål skulle vere ein stabel 2 meter brei og 1,85 meter høg av 6 desimeter lang ved.
Ved kongeleg resolusjon av 25. juni 1936 vart det bestemt at ein famn ved skulle måle 2 m x 2 m x 1 m (4 m³), medan
- ein lakterfamn måler 2 m x 2 m x 2 m = 8 m³
- ein storfamn måler 2 m x 2 m x 3 m = 12 m³
- ein småfamn måler 2 m x 2 m x 0,6 m = 2,4 m³
Etter Norsk Standard NS 4414 (1997):
- Ein famn ved skal måle 4m x 1m x 0,60 m eller 2 m x 2 m x 0,6 m og tilsvare 2,4 lauskubikkmeter (lm³) stabla ved.
- Ein famn kappa i 30 cm lengder tilsvarer ca 3,3 lm³ ved som ikkje er stabla.
- Ein storfamn ved er 2 m x 2 m x 3 m lengd.
Ved sal av kappa ved skal ein ikkje gjere fråtrekk for mellomromma mellom dei enkelte vedstykka. Derfor vil ein famn 60 cm ved innehalde om lag 1,6 m³ fastmasse.
Brennverdiar
endre- Ein famn (2,4 lm³) bjørkeved (25 % fuktigheit) har ein brennverdi på 2445 kWh
- Ein famn granved (25 % fuktigheit) har ein brennverdi på 1935 kWh
- Ein famn fureved (25 % fuktigheit) har ein brennverdi på 2240 kWh
Kjelder
endre- Lov av 12. mai 1875 PDF Arkivert 2011-08-13 ved Wayback Machine.
- Skogbruk i Nord-Norge Nord-Norges skogmannsforbund 1987. Ved Arvid Sveli. ISBN 9034911-4
- Lov om mål og vekt
- Heje og Nygaard Norsk Skoghåndbok 1999 Landbruksforlaget ISBN 82-529-2318-6
Forholdet mellom einingane (fra 1541) | Omrekning til SI-systemet - frå år | |||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
namn | teiknB | famn | alen | fot | kvart | tomme | linje | skruppel | 1274C | 1274D | 1541E | 1683F | 1824G | 1875H | 1959J | eining |
1 famn | 1A | 3 | 6 | 12 | 72 | 864 | 10368 | 1,422 | 1,659 | 1,8978 | 1,8882 | 1,8825 | 1,8822 | 1,8288 | m | |
1 alen | 1⁄3 | 1 | 2 | 4 | 24 | 288 | 3456 | 47,400 | 55,300 | 63,260 | 62,940 | 62,750 | 62,740 | 60,960 | cm | |
1 fot | I | 1⁄6 | 1⁄2 | 1 | 2 | 12 | 144 | 1728 | - | - | 31,630 | 31,470 | 31,375 | 31,370 | 30,480 | cm |
1 kvart | 1⁄12 | 1⁄4 | 1⁄2 | 1 | 6 | 72 | 864 | 11,850 | 13,825 | 15,815 | 15,735 | 15,688 | 15,685 | 15,240 | cm | |
1 tomme | II | 1⁄72 | 1⁄24 | 1⁄12 | 1⁄6 | 1 | 12 | 144 | 2,633 | 2,633 | 2,636 | 2,623 | 2,615 | 2,614 | 2,540 | cm |
1 linje | III | 1⁄864 | 1⁄288 | 1⁄144 | 1⁄72 | 1⁄12 | 1 | 12 | 2,194 | 2,194 | 2,197 | 2,185 | 2,179 | 2,178 | 2,117 | mm |
1 skruppel | IV | 1⁄10368 | 1⁄3456 | 1⁄1728 | 1⁄864 | 1⁄144 | 1⁄12 | 1 | 0,183 | 0,183 | 0,183 | 0,182 | 0,182 | 0,182 | 0,176 | mm |
AGrøn bakgrunnsfarge viser eksakte verdiar. BSkrive: 5I 11II 7III 10IV uttalt: fem fot, elleve tommar, sju linjer og ti skruplar = 181,998 cm (int. tomme) CMagnus Lagabøtes landslov definerte ei Ckort alen og ei Dlang alen. Avsette ein den kortasteC tommelalna (=18II) på ei stikke, trengte stikka eit handtak, som naturleg vart ein handsbreidd (= 3II). Den lengsteD stikka vart då 21II. ESjællandsk alen vart tatt i bruk. FSystemet til Ole Rømer innført ved lov. GI samband med lausrivinga frå Danmark held ein på Ole Rømer-systemet, men måleiningane vart reviderte i lov av 28. juli 1824. HNoreg innførte SI-systemet. Loven innførte omrekningsreglar til det gamle systemet. JInternasjonal tomme definert etter SI-systemet. I Noreg vart einingane alen, kvart, tomme og famn brukt. Fot, linje og skruppel vart nesten ikkje brukt. |