Lampornis
Purpurstrupejuvel, Lampornis calolaemus, hofugl Foto: Wikimedia-brukar Charlesjsharp
Purpurstrupejuvel, Lampornis calolaemus, hofugl
Foto: Wikimedia-brukar Charlesjsharp
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Trochilinae
Stamme: Lampornithini
Slekt: Lampornis
Swainson, 1827

Lampornis er ei biologisk slekt av kolibriar i underfamilien Trochilinae. Dei har fellesnemninga 'juvel' på norsk. Artane i slekta har utbreiing i fjellområde frå Panamaeidet i sør gjennom Sentral-Amerika og nord til sørlege Mexico. Ein art, blåstrupejuvel, har utbreiing i område over 1500 moh. gjennom Mexico og litt inn i sørlegaste USA.

Skildring endre

Dette er mellomstore til store (10–13 cm) kolibriar med kort, svakt bua svarte nebb. Hannane har vanlegvis grøn overside, og ein glitrande, fargerik strupe, som er meir matt i farga hos hoer. Hoene av nokre artar kan òg avvike vesentleg frå hannane i andre delar av fjørdrakta. Hoer av juvelar er fullt ut ansvarleg for reirbygging og ruging. Hoa legg to kvite egg i eit djupt koppforma reir fora med plantefiber. Ruginga tar 15-19 dagar, og dei er flygedyktige innan 20-26 dagar.

Føda i denne slekta er nektar, tatt frå ei rekkje små blomar. Men som andre kolibriar, tar juvelar òg små insekt som ei viktig kjelde til protein.

Artslista endre

Lampornis i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.10 frå august 2015[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

  • Flekkstrupejuvel, Lampornis viridipallens, Green-throated Mountain-gem, LC, Bourcier & Mulsant, 1846
Honduras og litt inn i nordvestlege Nicaragua.
  • Flekkbrystjuvel, Lampornis sybillae, Green-breasted Mountain-gem, LC, Salvin & Godman, 1892
Vestlege Honduras og nordlege El Salvador, i sørvestlege Guatemala og litt inn i sørlege Mexico.
El Salvador, Guatemala, Honduras, og Mexico.
  • Blåstrupejuvel, Lampornis clemenciae, Blue-throated Hummingbird, LC, Lesson, 1829
Mexico og sørlegaste USA.
  • Kvitbukjuvel, Lampornis hemileucus, White-bellied Mountain-gem, LC, Salvin, 1865
Costa Rica og Panama.
  • Purpurstrupejuvel, Lampornis calolaemus, Purple-throated Mountain-gem, LC, Salvin, 1865
Sørlege Nicaragua, nordre Costa Rica og vestre Panama.
  • Kvitstrupejuvel, Lampornis castaneoventris, White-throated Mountain-gem, LC, Gould, 1851
Vestlege Panama.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Clements, J.F.; T. S. Schulenberg; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood; D. Roberson (august 2015), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.10 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 23. januar 2016 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Lampornis