Landshut-kapringa

Kapringa av Landshut var ei flykapring av Lufthansa sitt Boeing 737 fly «Landshut», flight LH 181 frå Palma til Frankfurt am Main, i 1977. Det var ein av dei sentrale terrorhandlingane under «den tyske hausten». Kapringa varte frå 13. oktober til 18. oktober. Kaprarane frå den marxistiske Folkefronten for Palestinas frigjering, tvinga flyet til å fly over Middelhavet og den arabiske halvøya til Mogadishu i Somalia, der det til slutt vart frigjort av den tyske antiterrorstyrken GSG9.

Aksjonen hadde samanheng med den venstreekstreme terrororganisasjonen RAF si bortføring av presidenten i den tyske arbeidsgjevarforeinga Hanns-Martin Schleyer. Både flykapringa og bortføringa av Schleyer skulle presse styresmaktene til å sleppe «den første generasjonen RAF» fri frå fengselet.

Etter at gisla vart sette frie tok tre medlemer av «den første generasjonen» (Andreas Baader, Gudrun Ensslin og Jan-Carl Raspe) liva sine i Stammheim-fengselet, medan eit fjerde medlem, Irmgard Möller, overlevde sitt sjølvmordsforsøk. Kort etter vart Schleyer myrda.

Kapringa

endre

Byrjing

endre

13. oktober 1977 vart Lufthansa-maskina «Landshut» (oppkalla etter byen Landshut i Bayern) med nummer LH 181 frå Palma til Frankfurt kapra av fire personar som høyrde til gruppa «Martyr Halimeh», ein del av Folkefronten for Palestinas frigjering. Leiaren for gruppa var Zohair Youssif Akache (23 år), som kalla seg Captain Martyr Mahmud. Dei tre andre kaprarane var Souhaila Andrawes (23 år) alias Soraya Ansari, libaneseren Nabil Harb (23 år) alias Riza Abbasi og Akaches sin forlova Nadia Shehadah Yousuf Duaibes (22 år) alias Shanaz Gholoun. Det var 82 passasjerar og 5 mannskapsmedlemer på flyet.

Over Middelhavet og den arabiske halvøya

endre

Maskina vart først tvinga til Roma, der den tanka og Mahmud første gongen presenterte kaprarane sine krav. Desse var identiske med krava frå RAF-gruppa som hadde bortført Hanns-Martin Schleyer. I tillegg kravde kaprarane at to meiningsfellar som sat i tyrkisk fengsel skulle sleppast fri, og dessutan 15 millionar amerikanske dollar.

Frå Roma vart flyet tvinga vidare over LarnakaKypros og Bahrain til Dubai. Der klarte piloten Jürgen Schumann å melde frå til styresmaktene om kor mange kaprarar det var. Via eit intervju med forsvarsministeren i Dubai vart kaprarane kjende med dette. Mahmud tvinga kapteinen ned på golvet i midtgangen og truga med å skyte han viss han igjen gjorde noko som kaprarane ikkje likte.

Eit GSG9-fly følgde etter Landshut frå Larnaka. Etter at Landshut hadde tanka opp på nytt, flaug flyet til Aden i det dåverande Sør-Jemen. Regjeringa i landet blokkerte då alle start- og landingsbanene. Sidan flyet gjekk tomt for drivstoff, hadde ikkje kaprarane anna val enn å la flyet lande på ei sandstripe ved sida av ei startbane. Kapteinen, Jürgen Schumann, fekk forlate flyet for å inspisere hjula. Etter at kapteinen kom tilbake til flyet vart han skoten i hovudet i midtgangen til flyet, fordi han hadde vore borte for lenge og ikkje reagert på tilrop frå leiaren for kaprarane. Årsaka til at kapteinen vart borte lenger enn planlagt er ikkje kjend, men det har blitt hevda at han vart teken i forvaring av styresmaktene og først seinare kunne returnere til flyet.

Mogadishu

endre

Maskina vart tanka opp, og tok 17. oktober av på nytt, ført av andrepiloten Jürgen Vietor. Flyet sette kurs mot den somaliske hovudstaden Mogadishu, der det landa 4:40 sentraleuropeisk tid. Liket av den drepne kapteinen vart kasta ut og kaprarane sende eit ultimatum med krav om å sleppe fri RAF-medlemene med frist klokka 15 same dagen.

Etter å ha fått melding om at dei tyske styresmaktene ville imøtekome kravet om å sleppe dei fri, men trong meir tid på å sende RAF-medlemene til Mogadishu, forlenga kaprarane fristen til klokka 1:30 neste dag, 18. oktober.

Men klokka 0:05 storma antiterrorstyrken GSG9 flyet, i Operation Feuerzauber, under leiing av Ulrich Wegener. Aksjonen varte i sju minutt, og tre av kaprarane vart drepne. Berre Souhaila Andrawes, overlevde. Ein GSG9-mann og flyvertinna Gabriele Dillmann vart skadde. Klokka 0:12 kunne statssekretær Hans-Jürgen Wischnewski, som var til stades, melde frå til kanslar Helmut Schmidt om at aksjonen var vellukka.

Etterspel

endre

Dei fengsla RAF-medlemmane Jan-Carl Raspe, Gudrun Ensslin og Andreas Baader gjorde om morgonen 18. oktober sjølvmord. Irmgard Möller overlevde eit sjølvmordsforsøk. Dagen etter gjorde RAF kjent at dei hadde avretta Hanns-Martin Schleyer. Liket vart funne 19. oktober i bagasjerommet på ein forlaten Audi i Alsace.

 
Flymaskina som tidlegare heitte «Landshut», 24. oktober 2007 i Fortaleza, Brasil

Frigjeringa av Landshut skjedde etter ordre frå den føderale regjeringa. Helmut Schmidt fortalde seinare at han ville gått av dersom aksjonen hadde mislukkast eller for mange gissel hadde mista livet. Han hadde allereie skrive søknaden om avskil. Den kunne han makulere etter den vellykka aksjonen.

Den einaste overlevande terroristen, Souhaila Andrawes, forsvann, og dukka opp i Noreg i 1991. I 1994 vart ho oppspora og utlevert til Tyskland året etter. Ho sona 5 år av fengselsstraffa på 10 år for flykapring, friheitsberøving, utpressing, medverknad til overlagt drap og drapsforsøk, og bur i dag i Oslo.

Flyet som vart kapra, ein Boeing 737-230C med serienummer 20254-230 og med tysk kjenneteikn D-ABCE, vart brukt av Lufthansa fram til 1985. Det har seinare blitt selt fleire gonger. Det høyrer til i dag det brasilianske flyselskapet TAF Linhas Aéreas, som brukar det som fraktfly under kjenneteiknet PT-MTB.

Filmatisering

endre

I samband med at det var 30 år sidan flykapringa og «den tyske hausten» vart kapringa i 2007 filmatisert av ARD, som er ei samanslutning av dei offentlege allmennkringkastingsselskapa i Tyskland. Filmen med tittelen Mogadishu vart regissert av Roland Suso Richter og hadde première i november 2008. Filmen hadde eit budsjett på ca 50 millionar kroner.

Bakgrunnsstoff

endre