Body Language av Queen

Body Language
Singel av Queen
frå albumet Hot Space
B-side

«Life is Real (Song for Lennon)»

Utgjeve 19. april 1982
Innspelt Desember 1981 – februar 1982
Sjanger Funk,[1] dance[2]
Lengd 4:29
Selskap EMI, Elektra
Komponist Freddie Mercury
Tekstforfattar Freddie Mercury
Låtskrivar(ar) Freddie Mercury
Produsent Queen, Reinhold Mack
Queen-kronologi 
«Under Pressure»
(1981)
Body Language «Las Palabras de Amor»
(1982)


«Body Language» (trykt som «Body Language ↑⬱") er ein dance/funk-song av det britiske rockebandet Queen frå 1982. Han vart skriven av frontmannen Freddie Mercury og vart ein hit i Nord-Amerika, der han vart mykje spelt på radio. Singelen selde heller dårleg i heimlandet Storbritannia. Songen var den andre singelen frå albumet Hot Space. I ei melding for Rolling Stone skildra John Milward songen som «eit stykke funk som ikkje er gøy».[3]

Historie endre

Etter den massive suksessen med «Another One Bites the Dust» vart Queen inspirert til å ta eit steg til side for rockerøtene sine tidleg i 1980-åra og eksperimenterte med disco, funk og soul. «Body Language» og albumet Hot Space var resultat av denne endringa. «Body Language» er kjend for å nesten ikkje bruke gitarar. Det vert nytta atmosfæriske gitarakkordar på songen, og eit kort riff på to notar under avslutninga. Songen er minimal, med enkel produksjon og vekt på «megetsigande» tekst, ein synthbass og Freddie Mercury sine stønn. Songen vart spelt nokre få gonger under Hot Space-turneen i Europa. Han fekk ofte lunken mottaking, men på konsertane vart han spelt i eit anna arrangement enn studioversjonen. Songen vart spelt mykje oftare på den amerikanske delen av turneen, der songen var ein større salssuksess.

Lister endre

Land Plassering
Storbritannia 25
Australia 28
Canada 1
Tyskland 27
Italia 13
New Zealand 19
Polen 3
Sverige 10
Nederland 6
USA 11

Reaksjon endre

Dei drastiske endringane gjorde at singelen ikkje nådde høgare enn 25. plassen i Storbritannia. I USA nådde singelen 11. plassen på Billboard Hot 100 og 30. plassen på soullista.[4]

Den tilhøyrande musikkvideoen førte til mange kontroversar med erotiske undertonar og mykje hud og sveitte. Dette vart rekna ikkje rekna som høvande for fjernsyn i 1982. Musikkvideoen vart annonsert som «den første musikkvideoen som vart bannlyst frå MTV», og står oppført i Guinnes rekordbok som dette.

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. John Milward (10. juni 1982). Hot Space Arkivert 2015-01-06 ved Wayback Machine.. Rolling Stone. Henta 2. juni 2016.
  2. "The Best of Queen», Series: Piano/Vocal/Gitar Artist Songbook Artist: Queen, Hal Leonard.
  3. Rolling Stone Magazine album review, arkivert frå originalen 6. januar 2015, henta 19. juli 2016 
  4. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 478. 

Bakgrunnsstoff endre