Lazy
Song av Deep Purple
frå albumet Machine Head
Utgjeve mars 1972
Innspelt 6. - 21. desember 1971
Montreux i Sveits
Sjanger Hardrock, bluesrock
Lengd 7:23
Selskap EMI (UK)
Warner Bros. (US)
Komponist Roger Glover, Jon Lord, Ian Gillan, Ritchie Blackmore, Ian Paice
Tekstforfattar Roger Glover, Jon Lord, Ian Gillan, Ritchie Blackmore, Ian Paice
Låtskrivar(ar) Ian Gillan
Ritchie Blackmore
Roger Glover
Jon Lord
Ian Paice
Produsent Deep Purple

«Lazy» er ein song av det engelske hardrockbandet Deep Purple frå albumet Machine Head som kom ut i 1972. Ein konsertversjon av songen finst på albumet Made in Japan, som kom ut seinare på året.

Songen startar som ein instrumental der Jon Lord spelar forvrengd hammondorgel, etterfølgd av hovudriffet og solobytte mellom han og gitarist Ritchie Blackmore. Vokalist Ian Gillan kjem inn med vokalen seinare i songen. Han nyttar òg munnspel både på studio- og konsertversjonen. Songen er over sju minuttar lang og den lengste songen på albumet. Konsertversjonar av songen strekkjer seg ofte over ti minuttar.

På konsertversjonen på Made in Japan nyttar Blackmore eit tema frå Hugo Alfvén sin «Swedish Rhapsody #1» i soloen sin. Blackmore nytta stundom hovudriffet frå «Lazy» i konsertutgåver av songen «Man on the Silver Mountain» av Rainbow. Gillan definerte songen som rhythm and blues.

Seinare konsertutgåver av songen etter gjenforeininga til bandet i 1984 var som regel mykje kortare, der dei kutta ut introen og eit av versa. Nyare utgåver med Steve Morse har gått attende til det originale arrangementet.

Lesarane av Guitar World stemde «Lazy» til den 74. beste gitarsoloen gjennom tidene.[1]

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. «Guitar World 100 Greatest Guitar Solos». about.com. Henta 28. mai 2012. [daud lenkje]