Lazy
Lazy Song av Deep Purple frå albumet Machine Head | ||
Utgjeve | mars 1972 | |
Innspelt | 6. - 21. desember 1971 Montreux i Sveits | |
Sjanger | Hardrock, bluesrock | |
Lengd | 7:23 | |
Selskap | EMI (UK) Warner Bros. (US) | |
Komponist | Roger Glover, Jon Lord, Ian Gillan, Ritchie Blackmore, Ian Paice | |
Tekstforfattar | Roger Glover, Jon Lord, Ian Gillan, Ritchie Blackmore, Ian Paice | |
Låtskrivar(ar) | Ian Gillan Ritchie Blackmore Roger Glover Jon Lord Ian Paice | |
---|---|---|
Produsent | Deep Purple |
«Lazy» er ein song av det engelske hardrockbandet Deep Purple frå albumet Machine Head som kom ut i 1972. Ein konsertversjon av songen finst på albumet Made in Japan, som kom ut seinare på året.
Songen startar som ein instrumental der Jon Lord spelar forvrengd hammondorgel, etterfølgd av hovudriffet og solobytte mellom han og gitarist Ritchie Blackmore. Vokalist Ian Gillan kjem inn med vokalen seinare i songen. Han nyttar òg munnspel både på studio- og konsertversjonen. Songen er over sju minuttar lang og den lengste songen på albumet. Konsertversjonar av songen strekkjer seg ofte over ti minuttar.
På konsertversjonen på Made in Japan nyttar Blackmore eit tema frå Hugo Alfvén sin «Swedish Rhapsody #1» i soloen sin. Blackmore nytta stundom hovudriffet frå «Lazy» i konsertutgåver av songen «Man on the Silver Mountain» av Rainbow. Gillan definerte songen som rhythm and blues.
Seinare konsertutgåver av songen etter gjenforeininga til bandet i 1984 var som regel mykje kortare, der dei kutta ut introen og eit av versa. Nyare utgåver med Steve Morse har gått attende til det originale arrangementet.
Lesarane av Guitar World stemde «Lazy» til den 74. beste gitarsoloen gjennom tidene.[1]
Medverkande
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lazy (Deep Purple song)» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juni 2012.
- ↑ «Guitar World 100 Greatest Guitar Solos». about.com. Henta 28. mai 2012.[daud lenkje]