Leadhillitt
Leadhillitt er eit sekundært blymineral med formel Pb4SO4(CO3)2(OH)2. Berre éit funn i Noreg, frå ein nefelinsyenittpegmatitt i Tveidalen i Larvik.
Leadhillitt | |||
Tynne krystallar av gjennomsiktig leadhillitt, inne i ein druserom av galenitt som ser ut til å vere delvis endra til cerussitt. Frå typelokaliteten i Leadhills i South Lanarkshire i Skottland. Storleik: 5.3 x 5.1 x 4.4 cm. | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Karbonatmineral | ||
Kjemisk formel | Pb4SO4(CO3)2(OH)2 | ||
Strunz-klassifisering | 05.BF.40 | ||
Dana-klassifisering | 17.1.2.1 | ||
Krystallsymmetri | Monoklin prismatisk H-M-symbol: (2/m) Romgruppe: P21/a | ||
Einingscelle | a = 9.11 Å, b = 20.82 Å, c = 11.59 Å; β = 90.46° | ||
Identifikasjon | |||
Molekylvekt | 1 078.90 g | ||
Farge | fargelaus til kvit, grå, gulaktig, bleik grøn til blå | ||
Krystallform | Uvanleg delvis heksagonal, tynn til tjukk tavleforma {001} med heksagonal kontur | ||
Krystallsystem | Monoklin | ||
Tvilling | vanlegvis tvilling, tvillingplane {140} | ||
Kløyv | perfekt på {001} | ||
Brot | Ujamn til muslig | ||
Fastleik | kan skjerast | ||
Mohs hardleiksskala | 2½ til 3 | ||
Glans | Diamantaktig, harpiksaktig, perleaktig | ||
Strekfarge | Kvit | ||
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg | ||
Spesifikk vekt | 6.55 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Toaksa (-) | ||
Brytingsindeks | nα = 1.87, nβ = 2.00, nγ = 2.01 | ||
Dobbeltbryting | 0.140 | ||
2V-vinkel | 10° | ||
Dispersjon (spreiing) | Kraftig, r<v | ||
Ultrafiolett fluorescens | Gulaktig fluorescens i langbølgja eller kortbølgja UV | ||
Oppløyselegheit | Oppløyseleg i HNO3 | ||
Endrar seg til | Galenitt, kalsitt og susannitt kan endrast til leadhillitt. Leadhillitt kan endrast til cerussitt, kalsitt og susannitt | ||
Andre eigenskapar | Ikkje radioaktiv | ||
Kjelder | [1][2][3][4] |
Det vart oppdaga i 1832 i Susannahgruva i Leadhills i Lanarkshire i Skottland.
Kjelder
endre- Leadhillitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.
- ↑ Gaines, R. V., et al. (1997) Dana’s New Mineralogi, Eighth edition, Wiley ISBN 978-0471193104
- ↑ Leadhillite on Mindat.org
- ↑ Leadhillite data on Webmineral
- ↑ Leadhillite data i Handbook of Mineralogi